- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
153

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX. - X.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

er svik i! La De merke til honom, karar? Han sat
uppe i tridje rad og peip som ein devel; dei freista å
stogga han; men han berre stemde ryggen imot, rygg
og olbogar, og blés på! Hadde alle gjort sine ting so
godt som han, so hadde det vorte anna av. Hurra for
Daniel Braut!» — «Hurra! Hurra! Hurra!»

Daniel stod der raud som ein hummar; visste ikkje
kva han skulde segja. Då den eine etter den andre
kom og vilde drikka med han, vreid han seg undan;
hadde ikkje fortent so stor ros; hadde nok gjort sitt
beste, men , . . «Å vis-vas!» sa dei. «Å, lad ingen
falsk Beskedenhed råde i en Stund som denne!» Og
so kom ikkje Daniel til a forklåra samanhenget. Han
drakk; drakk med dei alle; samvitet var uheilt; men
full vart han.

X.



Yver den breide bygdi låg hausten og tyngde med
myrk himmel og våt luft, og skyene hekk nedyver åsane
som svære, kvite forheng,

Cand. filos. Daniel Braut gjekk og såg på dette; og
dei sky-hulde åsane og skogen som drog seg burtetter
bakkane tett og myrk som ei natt, minte han um hans
gamle huldredraumar. Og han smilte i tunge tankar,

— Godt at han var komen frå byen. Det var ingen
her som skulde ha pengar av han. Og ingen var det
her som kunde stinga han med flirande augo, av di
han hadde gjort seg til «mjøltråvar*. Dei hadde ikkje
sagt nokon ting, dei der inne. Men han hadde set det
utanpå dei kva dei tenkte. Var det sant at han hadde
vore hjå Pater omnipotens og umvendt seg? Var det
sant at han sidan hadde pipe i teatret — og drukke
seg full? Eller var det so at han ikkje hadde pipe i
teatret — og drukke seg full? Men Ole Bentsen gjekk
og tala um kor skrøpelege me var, og kor snart gjort
det var å faila tilbake.

Daniel hadde vore redd kameratane sine. Han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0157.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free