- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
154

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - X.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hadde stengt seg inne og lese til eksamen, men kunde
ikkje sprenglesa som fyrr; han fekk so snart vondt i
hovudet. Og vilde han kvila, so kom dei urolege tankane
som ein flugesvarm. Enn um Pater fekk vita at han
ikkje var ein «sann israelitt» 1 Enn um Fram og Rud
fekk vita at han hadde «umvendt seg»! Ja um Hirsch
fekk vita at han hadde vorte pietist! Kva vilde den gode
mannen då segja? Og kva vilde dei segja, alle i hop.
Han hadde stelt seg so, at ingen lenger kunde tru han.

Men det verste var, at ender og då hadde han vore
nøydd til å helsa på Pater. Redd var han komen og
skamfull var han gjengen; for her, hjå Pater, var han
nøydd til å vera umvend . . .

Aldri i sine dagar hadde han havt det so vondt;
ikkje då han svalt dess meir.

Her uppe på Steinsrud var det likare. Men når det
kom til stykket var han ikkje trygg her heller. Tanken
på Hirsch gnog på samvitet hans, og tanken på Pater
heldt han i æveleg uro. Fekk Pater vita at det hadde
vore fusk med den sanne israelitten, so fekk proprietæren
vita det med; og so kunde ein skyna kor det gjekk.
Likso ille vilde det vera, um student Stensrud, son til
proprietæren, fekk vita meir enn han skulde. Student
Stensrud var det som hadde teke Daniel god ti!
huslærar; men student Stensrud kjende Daniel berre gjenom
Pater og Haugum; og fekk då han vita, at Braut var
ein gamal Framsmann og pipeblåsar . . .

Det galdt å fara varleg. Det einaste som kunde berga
han, um gale skulde gå, var um han til den tid kunde
få proprietæren på si side. Det fekk han då freista på.
Og han gjekk sin husbond under augo som han best
kunde.

Han var komen hit i den tanken at han vilde sona
for si synd mot kapellan Hirsch gjenom sitt lærar-arbeid:
han vilde læra dei tvo små Stensrud’ane å tru på ånd.
Men då han straks kunde forstå på proprietæren, at
denne ikkje lika den åndfulle metoden, gav han tanken
upp. Syndi mot Hirsch fekk han sona sidan; det var
ikkje for honom å ha nokon vilje no. So tok han til

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0158.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free