- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
155

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - X.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

å halda skule på den måten som han hadde lært av
kandidat Massmann.

Dessverre var det lite framtak i gutane. Dei var
tunge og dauve, og han lika dei ikkje. Arbeidet med
dei var som å skvetta vatn på gås. Etter kvart gleid
då Daniel yver i den vanlege åndlause latinskulemåten:
høyrde leksor og var like sæl. Men når fru Andrine
spurde etter um sønom sine, sa huslæraren, at han trudde
det var emnelege gutar. Dei hadde ikkje rått or enno;
men dei kom seg nok. Ein kunde i grunnen ikkje
forsvara å segja anna til ei mor heller, tenkte han.

Fru Andrine var andre kona til proprietæren; fyrr
hadde ho vore hushaldar hjå gamle prosten. Ho laga
god mat og styrde huset godt; meir kunde ho ikkje,
og meir kravde ingen av henne. Den som hadde vore
uppvaksen i eit slikt hus! tenkte Daniel tidt; ein kunde
ha vore anna til kar då. Og um gamle Ole Johannes
Sørbraut hadde vore so mykje til mann som proprietær
Stensrud, — enn alt det vonde ein kunde ha sloppe,
og alt det gode ein kunde ha havt! Men ein fekk tru,
at Vårherre hadde ei meining med alt. Han hadde vel
set, at Daniel ikkje vilde ha godt av gode dagar. Hadde
han vore rik, so hadde han no kann henda vore ein
ranglefant.

Proprietæren var ein mann på 58, roleg og stød, klok
og tung. I sine unge dagar hadde han, som han sjølv
sa, vore «eit stykke av ein fusentast»; men alderen og
røynsla hadde lært han å sjå meir «allsidigt» på dei
fleste ting; og no var han 4de suppleant på
embets-mannslista. Med den fyrste kona si hadde han fenge
pengar, — «og då var det at han vart moderat»,
fortalde jaabækianaren lærar Borreberg; sidan «gjorde han
eit slag til høgre for kvart tusund han tente, og var
no so kvit som ein messehagel». Han tala alltid med
stor vyrdnad um den akademiske daning. Utolsam
var han ikkje. Det einaste han kravde av folk, var at
dei skulde vera upplyste og sjølvstendige, so dei ikkje
tok si meining på borg korkje hjå «Folketidende» eller
andre, og ikkje lét seg driva av kvar lærdoms vind

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0159.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free