- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
156

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - X.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

eller lokka av kvar frasemakar; men det hadde han rett
i. Um dei «folkelege» sa han mange ting som Daniel
vilde ha motsagt, dersom det ikkje hadde vore for det
at han no laut fara varleg.

Med den fyrste kona si hadde proprietæren 3 born.
Av dei var student Stensrud den yngste. Den
næst-yngste heitte Louise og var gift med grosserar Storr i
Kristiania; den eldste, frøken Hanna, var heime.

Denne same frøken Hanna gjekk for å vera 26 år.
Men Daniel trudde ho måtte vera eldre. Ho hadde
vore i Kristiania på ein skule og var dame; gjekk
by-klædd og stelte med finarbeid og pianospel. Daniel
var litt brydd saman med frøken Hanna; kva skulde
ein segja ti! ei slik ei? Av romanane visste han at det
var ein serskild kunst å tala med damor; dei skulde ha
sin eigen kost, dei; og den kunde ingen laga som ikkje
var dertil upplærd. Men etter kvart kom han i drøs
med henne likevel. Og det på den måten at han fekk
låna bøker hjå henne. Og då dei fyrst var kjende,
gjekk det av seg sjølv. Det viste seg at ho ikkje var
so vanskeleg å samtala med endå. Det ho helst vilde
høyra um, var Kristiania. Studentlivet med. Daniel
fortalde det han visste um dei ting; dikta so smått når
det galdt å gjera emnet forvitneleg, og tagde med slikt
som han ikkje trudde ein kunde segja til ei frøken.

Ein gong kom han til å nemna at han kjende Hans
Haugum; sidan matte han fleire gonger fortelja um
honom ; ho kjend’n ho og. Han hadde vore her uppe
sume tider då mor levde, fortalde ho; mor var komi
frå hans bygd og hadde kjent foreldri hans. Ein dag
då Haugum hadde vorte nemnd, sa Hanna: «No er
han forlova; det veit De vel?» — ho stod burtmed
glaset og sag ut. «Nei?» undrast Daniel; «når gjekk
det for seg?» Det var det nyaste nytt; Hanna hadde
havt brev um det frå Louise. «Jaso?» Daniel var ikkje
stød på um han lika tidendi eller ei; det kom so
uventande.

Sjølv var han ikkje trulova enno. Eit par gonger
hadde han arbeidt med eit brev til Inga i sumar; men

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0160.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free