- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
157

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - X.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han hadde ikkje fenge det til. Han kunde liksom ikkje
finna ord; det vart so kaldt det han skreiv; ulukka var,
at han so sjeldan såg henne. Og elskhugen trong
næring som alt liv.

Noko serskilt og reint urimeleg hadde Daniel og å
undrast på; det var kome upp for han i den siste tid,
at han enno ikkje hadde gløymt Berta Maria. Ja at
det vonde som hadde hendt henne, det var hans skuld 1

— Ei natt etter han var komen her upp, hadde han
drøymt so vent um henne. Han totte ho sat på fanget
hans, og han heldt henne um livet. Ho la seg tett inn
til han og heldt han um halsen, og låg i armane hans
so mjuk og so varm. Og ho grét av elskhug og sorg;
han kjende det tårevåte andletet inn-imot sitt; han
var so glad og sæl at han kysste henne. Men ho bad
at han ikkje måtte vera vond på henne; det galne ho
hadde gjort, det hadde ho gjort av di ho elska i vonløyse
ein som ho ikkje kunde få ... og ho smøygde seg
tett og varmt inn-åt han. Daniel vart hjarteleg glad;
han kysste henne ein gong til, og vakna. Men endå
kjende han det tårevarme andletet inn-imot sitt, og den
mjuke, mjuke kyssen; han var varm i armane etter
henne, og trivla ikring seg i forundring for ho ikkje
var her.

Denne draumen hadde levt i han sidan; og som ho
hadde vore i den, hugsa han henne; drøymde draumen
upp-att med vakne augo og hadde ikkje makt til å
driva han frå seg. Det kunde ikkje vara lenge med
slikt tull; men so lenge det stod på, kunde det ikkje
nytta å béla til Inga; for ho vilde nok skyna um der var
ålvor i leiken. Dessutan, so lenge ein ikkje hadde
embetsprøva.

— Da det leid ut-på hausten, var frøken Hanna alt
so kjend med «kandidat Braut», at ho stundom fylgde
han, når han var ute og reika. Daniel kunde ikkje
anna enn finna det staut, at ei dame heldt lag med han;
men det hadde vore vel so gildt, um ho hadde vore
fagrare. Frøken Hanna var, som far sin, og bror sin,
storbygd og i godt hold, men bleik i hudi; andletet

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0161.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free