- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
158

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - X.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

var stort, håret ljost, augo rolege og late, Daniel gissa
på at ho kunde vera 28 år; finaste ungdomsblomen
var burte; huldresløret, draumen, trolldomen, det som
ingen kann utsegja, — det var der ikkje; han kunde
tala med henne so mykje han vilde, men var like kald.
Hadde ikkje dette vore, so kunde han kann henda
kome til å kjenna seg heime på Steinsrud.

Eit par kveldar um vika var det whist og toddy; men
aldri meir enn eit glas, og aldri lenger enn til klokka
ti. Ender og då var lensmannen der; stundom sjølve
presten. Morosamt var det ikkje. Og når proprietæren
gong etter gong sat og la ut um, at det galdt å vera
csjølvstendig», so ein ikkje lét seg driva av kvar
lærdoms vind eller lokka av kvar ordmakar, — so vart
Daniel stundom redd at proprietæren meinte dette på
honom.

For Daniel hadde ikkje vore sjølvstendig. Han visste
det no. Han hadde havt det med å meina som dei
han mest var i lag med; og når han hadde høyrt ei
meining framsett med fynd, so hadde han teke den god
og gløymt det han fyrr trudde. Meir enn ein gong
hadde han høyrt folk tala um, at ein skulde ha
«sjølvstendige meiningar»; men han hadde aldri rett lagt
merke til det. Han var heimangjord med den trui at
det galdt å ha rette meiningar; og det kunde han ikkje
koma ifrå enno. Kva nytta det å tenkja sjølvstendigt,
når ein tenkte gale? Og ein kom snart til å tenkja
gale, når ein litte på sitt eige vit. Fram og Rud og
slike, dei var visst sjølvstendige nok, men so var dei
rasjonalistar. Og kor langt vilde dei koma med det?

Det nytta lite å vera sjølvstendig, når ein skulde døy.
Då galdt det å ha den rette trui. Hadde ein ikkje den,
so gjekk ein til helvetet kor sjølvstendig ein var. Og
her i verdi var det i grunnen på same måten; vrange
meiningar øydela sin mann.

Det måtte lata seg gjera å tenkja både sjølvstendigt
og rett; og det var det folk meinte. Men korleis ein
skulde nå fram til det? — Han orda ein gong innpå
um dette for proprietæren. Denne svara at det galdt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0162.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free