- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
159

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - X.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

å vilja det rette. Vilde ein finna det rette, so fann
ein det; men lét ein tanken løypa sjølvstyrd og var
like sæl kor det bar av, so kunde ein snart koma på
villgras. Dette fann Daniel rimeleg; at det var viljen
det galdt um hadde han alltid høyrt. Men fullklårt
vart det ikkje; tanken vilde helst gå sine eigne vegar
den; og det var ikkje å lita på at viljen kunde halda
leidi.

Nei; tenkja sjølvstendigt var ikkje greidt. Um ein
berre vilde taka ein slik ting som denne republikken
. . . Ja; ein kunde tenkja upp grunnar både for og
imot. Men dersom no grunnane for og imot var like
sterke? Eller dersom grunnane for var sterkare enn
grunnane imot, og so ein ikkje vilde vera republikanar?

Ein leita då vel etter motgrunnar, til dess ein fann
dei. Eller ein granska grunnane for og fann ut at dei
ikkje var so sterke som dei såg ut til. Kunde ein då
segja at ein hadde tenkt sjølvstendigt yver fristaten ?

Men um det no skulde henda, at fristaten var det
rette likevel ? Der var kloke folk som trudde det. Kloke
folk både for og imot; og kvar hadde sine grunnar . . .

Det som det galdt um, var vel kva ein skulde gå ut
ifrå. Gjekk ein ut frå det eine, so kom ein hit, og
gjekk ein ut frå det andre, so kom ein dit; og den
som ikkje hadde noko å gå ut ifrå, han vart gåande
i ring, som mann i myrkeskodd.

Som han gjekk og mønstra med dette, kom han til
å minnast nokre fyrelesningar han hadde høyrt på
universitetet yver etikk. I dei fyrelesningane hadde
professoren lagt ut um dei ymse riksformene på ein so klår
måte, at Daniel aldri kunde tenkjast til å få betre
grunnar i den saki; og dei fyrelesningane hadde han skrive
upp. Dessverre hadde han dei ikkje med seg; han
hadde lånt dei burt til Halvor Mosebø. Men hadde
han havt dei her, so kunde han berre lese dei godt
igjenom; so hadde han havt so gode meiningar med
so klåre grunnar som nokon mann kunde ynskja seg i
den saki. No var her ikkje råd med det; han visste
ikkje kvar Halvor Mosebø budde dessmeir.

n — Garborg: Eondestudentar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0163.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free