- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
160

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - X.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

At ein ikkje kunde ha det i all ting som i trui; at
ein hadde det rette og sanne fastsett! Ei litande
politisk katekisme vilde vera ein umissande ting for ungt
folk. Som det no var, stod ein mest upprådd. Skulde
ein tenkja utan rettleiding, var ein som eit skip utan
kart og kompas. Det kunde henda ein fekk ein god
tanke. Men kor kunde ein vita um tanken var galen
eller god?

Vilde ein spyrja andre til råds, kom ein ikkje stort
lenger. Det var likso mange meiningar som det var
meinarar, og kvar heldt si meining for den einaste rette.
Og alle hadde dei grunnar i hopetal. Det var nok
ikkje kvar manns sak å finna seg til rettes i slikt eit
Babel, —

— Slikt gjekk den unge kandidaten i filosofi so mang
ein myrk ettermiddag og braut hovudet sitt med; og
han lika seg ille. Men når han såg på dei høge åsane
som stod og gjorde seg fagre og klædde seg um og
um med skydukar og gråkvitt tåke-lin, eller på skogen
som drog seg burt-etter bakkane myrk og endelaus som
ei sorg, då tenkte han på huldri og på Berta Maria.
Og han kjende slik ein sugande saknad. A, um han
hadde eit menneske som forstod han, heldt av han!
A, um han hadde ei han kunde elska! Her gjekk han
so åleine som ein tjuv um natti.

Men når han kom til kveldsbordet og høyrde
proprietæren, og stundom lensmannen eller presten, sitja
der og leggja ut um alle ting, og vera so trygge i sitt,
og vita so god greide, so sukka han med seg sjølv og
tenkte: sæle er dei gamle som hev alt uppgjort og greidt.

Lensmannen var ein gamal, høg, grå ungkar med
strame juridiske andletsdrag og ei nos som ein bløyg;
jurist var han og embetsmann vilde han heita. Men
presten var den pastor Ring som Daniel ein gong hadde
råka ut for hjå grosserar Helle. No var han komen
hit; og her hadde han eit framifrå godt kall. Han var
eldre å sjå til no; men hyggeleg og vyrdsleg. At herr
Braut ikkje var jaabæksmann var han glad med å høyra;
«det vil også i høi grad glede Deres gamle velgjører,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0164.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free