- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
161

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - X.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

grosserer Helle,» sa han. Gudskjelov; grosserar Helle
var komen seg uppatt no; han dreiv ei forretning som
alt var i god gang; og han vilde visst snart vera i full
velmakt. «A ja; Herren glemmer ikke dem der gjøre
vel.» Daniel sat og tenkte på, um han kunde vera
godfor endå ein gong å beda grosserar Helle um
pengehjelp ; men det fekk vera siste utvegen i alle tilfelle.

Det var staut å kunna vera i lag med so gilde folk
som desse. Den som berre hadde havt sine saker i
orden; den som ikkje hadde havt noko å vera redd!
Han hadde aldri tenkt at ein student kunde ha det som
han hadde det no. Når posten kom til gards, eller når
proprietæren kom heim frå ei byferd, kjende han seg
aldri trygg; og då Hanna ein dag fortalde at det skulde
koma byfolk her upp i joli, vart han reint uroleg. «Det
kjem upp! Du skal sjå, det kjem upp!» sa han til seg
sjølv. Stundom gjekk han og fælte for at han kunde
få sjå namnet sitt på prent — jamsides med Frams —
i «Den gode Borger».

Men «Den gode Borger» sette ikkje namnet hans på
prent. Daniel måtte i det heile undrast på, at bladet
ikkje var verre enn det var. Det hadde betre grunnar
for seg au enn han hadde tenkt. Det inneheldt ymist
stygt mot dei folkelege, ja endå eit par harske ting
mot kapellan Hirsch; men vilde ein vera rettvis, so fekk
ein hugsa på, at bladet såg alle desse ting med sine augo.

Stundom vart han teken av den tanken, at kann henda
var det «Den gode Borger» som hadde rett likevel. Det
tala so myndigt og so kunnigt, og avviste dei
«folkelege» med slik kraft, at ein mest måtte tru på det. Alt
dette skravlet um fridom og folk og ånd og idear, det
var visst frase? Ein fekk taka verdi som ho var; og
det forstod då visst «Borgeren* betre enn idealistane.

Men so kunde han råka lærar Borreberg ein dag;
eller han kom til å hugsa sine gamle vener og lærarar,
Hirsch, Bliland, Haugum, Jens Rud; og då såg han at
«Borgeren» hadde urett. Noko urett då visst. Dei
andre hadde kanskje ikkje heller fullt ut rett ... å,
den som kunde finna millomvegen!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0165.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free