- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
163

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

med små, sjøgrøne augo; fru Louise var i godt hold
liksom syster si, men fagrare. So var det studentane:
den digre, koselege Bang Block; ekstraskrivaren Becker,
raudhærd og lang; kopist Petersen, høg, blid med blank
skolt og brillor; cand. filos. Viborg, ung og ålvorsam,
fager som ei møy, og medisinaren Knutzon med sin
store adelsnase, sin fylluge mjuke munn og sine muskne,
grå augo. Det var fine fiffen alt; det lyste av kvite
kragar og smil og blenkte av lorgnettar og snøgge augo.
Daniel gjekk og krulla på sitt unge kinnskjegg og tenkte
med seg sjølv, at i dette laget såg proprietæren og son
hans ut som bønder.

Han var ikkje lenger redd. Um karar som desse visste
noko, so hadde dei folkeskikk og tagde. Og frå Pater
hadde student Stensrud ei helsing som gjorde Daniel
samvitstrygg og glad. Hadde ikkje Pater høyrt noko
no, so fekk han ikkje høyra noko heller.

Dei kunde ikkje gå til bords fyrr lensmannen kom.
Men det vilde vera synd å segja at her var langsamt.
Samrøda hadde kveikt i med ein gong, og brann som
eld i feit fureved. Kva dei tala um var ikkje so beint
å segja; det var ikkje um store spursmål. Men det
merkelege var, at samrøda var åndfull like godt. Den
eine småvitsen kom sprutande etter den andre som
gneistar av stål; ordleikar og hermestev flaug som
rakettar; det var ein lysande leik med ingenting, eit
eldverk av ord og lette tankar.

Daniel tok til å gruna, der han gjekk og sveiv. Det
han her høyrde og såg, var det som han alltid hadde
drøymt um og lengta etter: herremanns-laget, den fine
svingen. «Fram» og dei der inne gjorde narr av det
som fint var og kalla det sprik og spjåk og tomt tjas,
og Aslak Fjordan kunde storlæ, når han såg ein
«fjong-fole» av rette slaget; men det kunde ikkje Daniel lenger
forstå. Den fine svingen var adelsmerket. Latin kunde
kvar mann læra, og ånds- og hjartedaning kunde ein
alltid få; men det som det galdt um, det som til slutt
skilde millom folk og fant, det var dette her, som Aslak
Fjordan lo åt, men som «Borgeren» kalla den formelle daning.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0167.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free