- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
164

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Gutar som desse var dei sanne studentar. Dei hadde
sin eksamen på rette vis; dei hadde den upplæring som
ein student skulde ha; dei var comme il faut i det eine
som i det andre. Og slike studentar kunde leva idealt.
Dei drakk seg ikkje fulle når dei vilde vera glade, og
vart ikkje ville når dei var lystige; og kor fritt dei
skjemta, dei braut aldri på den fine folkeskikken. Dei
hadde ånd og vit og fin form; alt det dei gjorde var
fagert og svingfullt; men bondestudentane var bønder
kvar ein gjorde av dei. Han tenkte med uhug på det
studentlivet han sjølv hadde levt. Dette tunge ståket
med strid og politikk og øl og dårleg toddy, det kunde
vera for det det var, men idealt var det ikkje og
studentliv var det ikkje heller.

Grosserar Storr sat i sofaen og småprata med frøken
Hanna; herrane Knutzon og Viborg hadde gjeve seg i
drøs med fru Storr. Ikkje i drøs, men i konversasjon;
og det var forunderleg so fint som dei kunde te seg.
Daniel gådde etter alt, so han kunde læra; og han gjorde
upp med seg sjølv, at når han kom til byen att, vilde
han gå på danseskule.

Dei andre heldt lag med proprietæren. Bang Block
sat og var morosam, Becker var løgleg og kvass;
Peter-sen kunde og vera løgleg; men han lo åt sine skjemtord
sjølv; og ender og då kunde han sjå tåpen ut med
sin blanke skolt og brilleaugo og den breide fliren.
Men når proprietæren kom halande med sine setningar,
var det som når ein plog-gamp vilde dansa miliom
sirkushestar. Keiveleg og sviplaust kom det, so dei
ar.dre laut hjelpa’n med å få noko ut av det; og då
kunde det glimta i augnekrokane deira som lette skimt
av lått eller spott; og endå i ordi tottest Daniel stundom
kjenna at der sat oddar løynde eller låg baktankar. Det
var gutar som kunde snu seg!

Lensmannen kom, og dei skulde til bords. Som dei
gjekk og masa med dette, kom Daniel til å høyra nokre
ord som fall miliom Knutzon og Viborg um fru Storr.
«Hva synes du om henne f» sa herr Viborg. *For meget
fedevarer,» svara herr Knutzon. Daniel kvakk, men

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0168.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free