- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
165

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

tenkte han måtte mishøyrt seg. Etterpå såg han Viborg
kviskra noko til Knutzon med ein smil . . . han forstod
ikkje den smilen. Men sidan kunde han ikkje so godt
lika herr Viborgs gjentefagre andlet.

Ved bordet gjekk samrøda med jamt aukande liv.
Bang Block, fru Storr og lensmannen tok til med eit
ordskifte um namnet «ribbensbærstek»; Becker, som
hadde vore utanlands, fortalde um den kunsten å «skjera
fyre», ein kunst som me ikkje kunde her hjå oss; so
kom dei i ordkast um den rette tidi til å halda middag.
Grosserar Storr vilde me skulde taka upp den engelske
og franske skikken med middag klokka 6; dei andre,
og iser fru Stensrud, forsvara den norske middagstidi.
Men Storr heldt på sitt. Fekk ein middag klokka 2—3,
so var resten av dagen øydelagd; middag skulde ein
ha når ein var ferdig med sitt dagsverk. I arbeidstidi,
klokka 12—1, skulde ein taka seg ein lunsj; ikkje det
grand meir. Men heldt ein middag klokka 2—3 um
dagen, so kunde ein ikkje ha lunsj! Dette at dei tok
til med lunsj her hjå oss med vår middagstid, det var
. , . det var barbari. Me tok upp skikkar frå utlandet,
men tok dei upp rått, umelta, utan tanke og
samanheng; lunsj i eit land som heldt middag klokka 2, når
lunsjen hadde sin grunn og rett i at middagstidi var
klokka 6, skulde nokon høyra slikt? Det var som når
villmannen stasa seg til med flosshatt, men gjekk . . .
skinnklædd elles, og so trudde at han hadde gjort eit
framsteg i kultur. Det gjekk ikkje lett for Storr å få
segja det han vilde; han trivla etter ord og streva med
tanken; men sagt si meining fekk han. Domane hans
fall stride; heile matstellet vårt var slarvestell og
nasjonal uppøyding; då lyfte proprietæren glaset sitt og bad
gjestene velkomne til bords.

Andre ting kom upp. Bang Block fortalde på sin
morosame måte um jolegrisen, som våre gjæve fedrar
steikte heil og åt med tolekniven og drakk porsøl til;
og når dei var mette, kasta dei beini i hovudet på
kvarandre. Og kom dei rett i godlag, so bar det i hop
med øksar og sverd; det var imye til julemoro». Peter-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0169.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free