- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
166

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sen fortalde jolesegner som han sjølv lo åt; proprietæren
priste upplysningi; student Stensrud fortalde um
folketruer; uppi fjellbygdene trudde dei på underjordiske
soldatar som hjelpte nordmennene når det var krig; det var
dei som gjorde at svenskane alltid skaut for høgt; dei
gjekk usynlege fram imot dei svenske soldatane og
lyfte børsepipone deira upp når dei skulde skjota; Daniel
totte segni var fager. Men Storr sa at han aldri hadde
høyrt noko so norsk: liggja på latsida og lita på
troll-hjelp. Lensmannen vilde likna denne segni i hop med
den gamle um Holger Danske; og det var vel ikkje
fritt for at danskane for nokre år sidan enno so smått
hadde trutt på den segni. «Hi-hi; ja kvar var Holger
Danske i 1864!» lo Petersen. «Han var vel klok og
heldt seg heime han som me,» svara Becker. Kremting
kring bordet; so eit stutt ordskifte, som slutta med at
me var der me skulde vera i 1864. Daniel undrast;
var det fint å meina so no f

Dei levde godt der dei sat; godlaget voks.
«Apro-po!» sa proprietæren, «kor hev gamle Jokum det i
desse dagar?» A, Jokum hadde det bra. «Je traff ham
for no’en dage siden,» sa Becker; «far og je var ute
en tur med Jaabæk ...» «Med Jaabæk!» skreik
Petersen, «med Jaabæk!» ropa fru Storr, «medJaabæk!» ropa
heile bordet; «ja,» svara Becker roleg, «med fars hest».
Stor lått; fru Storr skreik «uh»; Knutzon dømde at
gamle byråsjef Becker var en quick patron\ Viborg
trudde at Jaabæk burde få vita at han no stod på stall
hjå ein byråsjef; «ja, det burde han, Jaabæk plage
meg!» lo herr Petersen, som og kunde vera løgleg.
Fru Storr hadde vondt av hesten, stakkar; han fekk
visst mang ein ufortent piskesmekk for skuld det namnet,
var ho redd. Men det trudde ikkje Becker. Hesten
fekk nok høyra eit og anna politisk foredrag; eitkvart
fantordet med so ender og då; men . . . Jau; ein gong
hadde han fenge ei god rundjuling for namnet sitt
likevel, løytnant Schmell hadde vore med på ein tur;
so fekk han høyra at hesten hadde dette namnet;
dermed treiv han svipa og taumane og reiste seg i sleden:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0170.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free