- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
167

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«nå, så ska du da fa’n tordne mej —!» skreik han; og
so fekk hesten juling so han berre stod på bakføtene
og dansa; dei måtte stogga løytnanten med makt. Men
kunde ikkje anna enn læ, naturlegvis. Nei ha-ha-ha,
naturlegvis. Men Block som var ein hesteven, sa at
det var synd å gjeva ein hest eit slikt namn; for ein
hest var då eit dyr som ein heldt av; og fekk han
ein hest nokon gong, so vilde han kalla han upp etter
ein av sine vener; ordstriden døyvdest av i lått; gamle
Jokum vart gløymd.

Dette la Daniel merke til, og han spurde Hanna, som
han hadde til borddame, kva den Jokum var for ein
kar. Å, det var ein gamal kaptein, sa Hanna;
Jokum-namnet hadde han fenge av di han var so rar. •— Var
han rar? — Ja, han fann på so mange ting, og gjorde
so mykje gale; og so fekk «Bondevennen» og dei folk
so mykje å snakka um. Sistpå gjorde han nok
skandale pa ei vis — men det visste ikkje Hanna greide
på —; og so fekk han Sverdordenc». «Sverdordenen?
når han hadde gjort skandale?» —Ja, for at han skulde
gå sin veg, — «Å, so. Gjekk han sin veg då?» —
Nei, då han hadde fenge orden, so måtte det vera for
di han var ein god offiser, meinte’n; og då vilde han
ikkje gå. — «Nå?» — Ja, til slutt måtte dei gjeva han
Olavsordenen. — Ha-ha; men vilde han gå då? — Ja,
det hadde han lote lova. «Det må vera ein snål kar,»
lo Daniel, Men han undrast på denne soga; kunde
slikt vera sant?

Rundt bordet gjekk pratet som rokkedur. Gleda og
godlaget voks; det skulde ikkje stort til fyrr låtten rulla.
Daniel kom i drøselag han med; rødde med frøken
Stensrud um både mangt og mykje. Kva han rødde um
visste han knapt sjølv; berre eitt sat han og tenkte på:
at når han rett såg seg til, so var frøken Stensrud fager. —

— Dei gjekk frå bordet og takka for mat; der var
lått og liv og mykje gaman. Alt gjekk fritt; men endå
var alt fint. Og Daniel kjende med veksande mod, at
han greidde seg i laget. Han høyrde med. Frons urbana
skulde han trass i alt vinna.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0171.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free