- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
168

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Attum seg høyrde han ein segja: «D’er bra kar,
proprietæren.» «God vert!» vart det svara. Daniel
såg seg ikring; det var Knutzon som stod og rødde
med Viborg. «Han kunde alltid ha no’e mer her,»
smilte Knutzon og peika upp-mot panna si; «men
en-fiti\ når man har grunker . . .»—’Fridom med alle
strenge former; so må det vera! tenkte Daniel. I det
same kom proprietæren svingande vinraud og glad:
«Litt dessert, mine damer og herrer?» Nåh;
proprietæren nådde ikkje upp. Men borni hans . . .

Ved ettermaten var samrøda meir ihuga, meir
alvorsam; dei tala um «befordringsvæsen». Og her fekk
Daniel høyra det han ikkje hadde tenkt: at fine folk
og kunde riva ned på dei makthavande. Det vart
fortalt ting um desse som Daniel mest fann utrulege; og
det var forunderleg, at ikkje «Bondevennen» hadde drege
fram slikt. Men lensmannen og proprietæren forsvara
makti, og der vart ein heil ordstrid; grosseraren sat og
tagde og halvsmilte. Becker sa, at når ein såg på dette
«befordringsvæsen», so kunde ein skam mang ein gong
få hug til å slå seg til opposisjonen; for ein
opposisjons-mann, ein sakførar eller slikt, vann seg jamt snarare
fram enn ein departementsmann. «Ja, he-he-he!» lo
herr Petersen, «når ikke de opposisjoneile var slike
bak-bæst som de er!» No laut proprietæren og læ so smått;
med Knutzon snudde seg brått til Daniel og sa: «Ja
Di er vel ikke opposisjonel, huslærer?» — «Ne-nei,»
stota Daniel og raudna.

Etter middagen gav fru Storr musikk. Det var stor
musikk; Daniel forstod ikkje det grand, men klappa
når dei hine klappa.

Alle såg dei gode og fornøgde ut der dei sat og røykte
og kvilde og melta maten, mette og late som gudar.
Men lensmannen og Endre Storr sat i sofaen og
småprata, venteleg um musikk.

— Ja, soleis kunde ein ha det, når ein var rik. God
mat og drykk; fred og ro og godt lag; vener og
vyrdnad og alt som vel var. Og det um ein so ikkje hadde
meir vit enn ein turvte. Tru det var sant at proprie-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0172.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free