- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
169

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

tæren ikkje var noko fløgd? Han såg ut til ymist.
Men kva gjorde det, når han var rik?

Den som trong hjelp av folk, han måtte vera vitug,
og han måtte vera god. Og snild. Som eit rote egg
måtte han gå folk under augo; han måtte vita å bøygja
sin rygg um det so var for ein grindstolpe. Men den
rike var fri mann. Han var like gild og gjæv um han
so var ein tosk; ja um han var ein svinepels, kunde
han klara seg; ingen hadde noko å segja til honom.
Han turvte ikkje vera umvend heller. Student Stensrud
var ikkje umvend, og var like gode vener med Pater
for det . . .

Toddyen vart sett inn på eit lite bord i sideromet.
Spelet slutta; herrane fekk vera so gode å gå inn og
laga seg ein tår.

— «Ja—ha; ja visst; den fjerde i rekken, ja,» høyrdest
Endre Storr kvessa i, «jo—o det skal . . . det skal
. . . bli lenge det! Nu tar utlanne til å sælle sine
gamle træskuter og bygger jernskibe, og vi går her
hjemme og sætter vore penger i de træskibe, som
utlanne skiller sej av mæ; ja; og når så . . . når så jern
og damp har seiret på hele linjen, ja, så sitter vi her
mæ vore gamle træskuter, vi, den fjerde i rekken av
de sjøfarende nasjoner!» Daniel sat og gapte.

«Vers’god; la oss få oss et glas,» sa proprietæren
sonande, og dei gjekk inn. Men på sjølve vegen tretta
dei. Lensmannen streva med å forsvara den nasjonale
æra og treskipi; og som dei stod der inne og laga
toddyen sin, spurde han um herr Storr då for ålvor kunde
tru, at me kunde koma etter med å byggja jarnskip.
«Koma etter?» sa Endre Storr; «skulde me koma etter
med nokon ting? Det einaste me hev lært av utlandet,
det er å ... å gjera konkurs!»

Det vart lått av dette; og dei lo trygt; dei visste at
Storr hadde sine eigne meiningar. Men Storr var komen
i stridslag no; og då dei hadde sett seg att, hogg han
i på nytt.

«Ja, ja; det er lett å læ,» sa han; «det er . . . ja.
Kor i Guds namn skal det gå med eit land der ingen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0173.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free