- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
170

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vi! arbeida?» — «Overdrivelse,» sa lensmannen. «Vil
me ikkje arbeida f» smilte proprietæren. «Nei, me vil
ikkje,» svara grosseraren. «Me vil . . . me vil . . .
ha det godt! ha det makeleg . . . vera store herrar på
kreditt! Det vil me! Er det ein mann som hev tent
seg i hop nokre tusund, so legg han seg til og ... og
ét dei upp; og dersom han ikkje ét dei upp, so hev
han ein son som ét dei upp; ein, tvo, tri! det, som
skulde vera grunnlaget for ein kapital, for ei stor, solid
drift ned igjenom ... Ja, for slik er det i utlandet!
Trur De dei store engelske og amerikanske rikdomane
hev regnt ned frå himmelen? — Dei store utlandske
rikdomane hev kome til på den måten, at ein
arbeidsmann eller ein hotellgut tente seg i hop 50 pund; son
hans heldt fram med arbeidet og tente 200 pund; og
so arbeidde son etter far og ætt etter ætt . . . arbeidde,
ser De! ja; og til slutt var der ein kapital . . .
rikdom, makt, dugleik! fyrst og fremst dugleik! — Men
her? det som skulde vera grunnlaget for ein kapital, —
vips! ut for alle vindar! Eig ein mann tusund dalar,
so skal son hans ikkje arbeida, han skal studera . . .
og so sumlar han burt dei tusund dalarne, og sidan
lever han på gjeld og vert kopist! — Må eg so spyrja:
kvar skal det koma kapital frå, og kvar skal det koma
dugleik ifrå ... for kapital og dugleik må der til, um
me skal kunna konkurrera ... og kvar skal dei koma
fra, når kapitalen vert drepen i fødsla, og alle, som
skulde kunna læra nokon ting, gjeng og kastar seg
burt og vert kopistar!»

Tri-fire ropande røyster skreik upp og vilde svara,
men slo kvarandre i hel. Det einaste Storr fekk tak på
var nokre ord frå lensmannen um vår trufaste, arbeidande
bonde. «Bonden?» ropa Storr; «var det bonden Di
sa? — Bonden er som me; men bonden er den verste
av oss alle. Det er villmannen, det, som ... vil liggja
på låven og eta, eta og so sova, og bry seg pokkeren
um i morgon; lat oss berre ikkje snakka um bonden, De!»

Lensmannen sa det var sumt, grosseraren kunde ha
rett i. Dei lægre klassor no for tidi var ikkje so nøgde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0174.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free