- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
171

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

med si stilling som dei burde vera; og det var ein leid
ting at bonden meir og meir gav seg til å driva ikring
på bondevenmøte og dilikt i staden for å arbeida. Men
i det heile vilde lensmannen segja, at bonden ut-yver
landet arbeidde som ein træl, arbeidde so trufast og
ålvorsamt, at det vilde vera urett å krevja meir av han.
Petersen, som var son av ein amtmann på Vestlandet,
sa det same, og der vart ei samtykkjande mulling rundt
heile laget.

«Min gode verson hev den vanen å bruka sterke ord,»
sa proprietæren med ein forsonleg smil; «men når ein
ser burt ifrå det . . Eg er ikkje uhuga til å tru, at folk
ut-yver landet hev altfor lite sans for å bruka tidi. Tid
er pengar, segjer engelsmannen; det er ei setning
bonden kunde ha godt av å læra. Men det som trengst,
det er då upplysning; upplysning, mine herrar!» —
Bravo, bravo. — «Ja, kvar skal bonden få den ifrå ?»
spurde Storr. «Gjenom bøker f Ja; men finst det ein
statsagronom eller nokon annan slik fyr, som kann skriva
ei praktisk bok f» (Nå?) «Kom ikkje til meg med det.
Eg hev sjølv freista å skriva um slike ting, og eg hev
set . . . set andre hev skrive; men . . . ja. I det heile
. . . Dei skrik på upplysning alle folk; men eg finn
meir og meir, at det med upplysningi . . . det er frase !*
(Nei, men herr grosserar!) «Ja; frase. Ein bonde vert
ikkje upplyst. Upplysning er ikkje slikt-noko som ein
kann riva i seg på eit års tid eller tvo gjenom bøker
eller snakk; heile sitt liv må ein . . . ein må leva i
upplyst luft! Det er berre dei rike som kann vera upplyste,
Upplysning og åndsliv er ... er ein luksus, ein ovbunad;
fyrst må ein ha maten; og fær ein stunder frå den, so
fyrst kann ein leva eit åndsliv. Me ser det og. Desse
idealistane, når dei vil taka bonden som han der gjeng
og gjera han til ein åndsmann, kva vert der av detf
Talemåtar og tøv; folkehøgskuleskodd ! Nei! Men bonden
skal vera praktisk’, det kann han; praktisk i sitt fag . , .
og dersom det er det du kallar upplysning, proprietær,
so er det godt og vel.» Ja visst var det praktisk
upplysning, proprietæren meinte; og um ei stund viste det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0175.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free