- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
172

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

seg, at dei i grunnen var samstelte likevel. Men Daniel
visste ikkje kva han skulde tenkja.

Den varme toddyen styrkte samfundsåndi; dei tok
til å tenkja på landsens framgang alle i hop. Då Petersen
fortalde, at på bondebygdom sat folk ved åren dei lange
vinterkveldane og dreiv tidi burt med eventyr og vas,
i staden for at dei kunde tena pengar med å gjera
tresko og soplimar, so fann alle dette rivande gale;
lensmannen meinte at dette var noko som sjølve statsmaktene
burde taka seg av.

«Ja, det vilde vera norsk, det,» kvesste Storr i med
sitt strevsame mål. «Statsmaktene! — I upplyste land
heiter det: help your self\ her er det statskassa og . , ,
fatigkassa ... og Vårherre og . . . men ingen kann
taka i sjølv, for ein pokker! Statskassa —f ja, det vil
vel segja at det skulde skipast eit embetsverk for den
saki . . . med treskoinspektørar og ein treskosjef i
kyrkjedepartementet ... ja; og so ei diger bok med
innberetningar kvart år, og betenkningar og planar og
ditt og datt . . . herre Gud!» ropa han til proprietæren,
«berre finn folk som vil kjøpa tresko, so skal du nok
sjå bonden lærer å gjera dei!»

Etter dette vart det eit ordskifte um embetsstandet.
Lensmannen var forarga yver den treskosjefen og gav
litt vondt; dei unge juristane hjelpte til; slikt skulde
ein upplyst mann ikkje segja. Og det heldt Daniel
med dei i. Grosseraren svara ikkje stort på dette; men
då dei var ferdige, forklåra han at når det uproduktive
embetsarbeidet galdt for det høgste i eit land, so måtte
landet armast ut. Han vilde at dei beste hovud skulde
leggja seg på det praktiske, og so kunde dei næstbeste
eller medelsgode hovud greida all denne protokoll førsla
og alle desse innberetningar. Lensmannen vart meir
og meir raud i kamben; Becker og Petersen kalla
grosseraren for ein jaabækianar; fru Storr sat og kremta.
Det same gjorde proprietæren. Han visste sistpå ikkje
onnor råd enn å halda ein tale. Han tala for
embetsstandet, vårt heiderlege embetsstand, som me måtte takka

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0176.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free