- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
173

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Gud for; og den talen slutta han med ei skål for
lensmannen, «som her var embedsstandens representant».

Lensmannen svara med ei skål for odelsbonden, den
gjæve odelsbonden som sat på si tuve trygg og gav
all verdi ein god dag, men bøygde seg for sin konge
og si øverheit; den bonden vilde lensmannen drikka
for; den bonden var kjernen i landet, og den bonden
skulde nok greida hespelen, um det kom til eit
knipetak. Miliom odelsbonden og embetsstandet hadde det
alltid vore god venskap; og han tvila ikkje på, at den
venskapen skulde stå, alt um det var — hm — røyster
som —. Skåli vart vend til den gjæve og upplyste
odelsbonden, vår høgvyrde og gjestmilde vert, herr
proprietær Stensrud. Daniel lika det lensmannen sa; og han
fekk ei kjenning av, at desse «embetsvener» kann henda
sistpå var likso gode folkevener som opposisjonskultane.

Då fru Storr såg at mannen hennar vilde svara
lensmannen, skunda ho seg og spurde, um ikkje nokon av
dei unge herrane vilde vera so snilde å syngja lite for
oss. «Ja det vilde vera hyggeleg,> ropa proprietæren
fornøgd. Fru Storr sat straks ved pianoet; Knutzon
og Viborg samrådde seg um kva dei skulde syngja; so
kom det nokre store akkordar frå spelet, og dei unge
herrane sette i med full kraft.

Har ar guda godt att vara,

ack hur lifvet dock ar skont ...»

Dei song fagert; med kunst; med skaking i målet
og drag på tonane; det var som ein skulde vera på
teatret, totte Daniel; slik skulde fin song vera. Dei
dreiv på med «Gluntar» ; sistpå kom dei med eit
nummer av Bellman. Daniel undrast på um dei ikkje vilde
koma med noko norsk.

Det vart klappa for kvart nummer, og då dei slutta,
takka proprietæren med ein liten tale for «studentsongen».
Herr Viborg tala for «Uppsalasongen», som han vilde
segja var reint ut ein tryllesong; og da herrane forstod
at det galdt å halda Endre Storr ute, gav dei seg til

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0177.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free