- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
174

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

å tala alle i hop. Herr Petersen tala for broderlandet,
herr Knutzon for kvinna med adresse til fru Stensrud,
Bang Block for våre brør i sud, og Becker — for
bondestudentane. Daniel bleikna. Men herr Becker sa,
at det var godt, og — æ — gledeleg, at bøndene tok
til å vinna seg meir — æ meir sann og grundig
upplysning; det vil hjelpa dei fram til — ææ — til å kunna
svara sitt rom millom dei andre samfundsklassone —
og ææ — f. eks. pa Stortinget — på ein meir verdig
måte. Det hadde vist seg, at det var — ææ — at
bøndene ikkje sakna — mææ — gåvor, og når desse
fekk si rette utvikling og — mææ — tukt, so trudde
han, at den — æ, den — disharmoni, som stundom
no kunde — ææ — gjera seg gjeldande millom
samfundsklassone, den vilde — mææ — uppløysa seg av
seg sjølv. Skåli vilde han venda til den representanten
for bondestudentane som me hadde den æra å ha her
iblandt oss, herr student — nå, herr kandidat — mææ,
hm ■— ææ — nå, herr kandidat Danielsen — eå, nå
je bér! — herr kandidat Danielsen-Braut. Hans skål!»
Bravo! Daniel skifte leter. Han drakk, men kjende
knapt grunnen han stod på. No skulde han upp og
tala! Det var meiningi; det sa seg sjølv; og han såg
det på dei. Men kva skulde han tala um?

Han hugsa at skåli for fedrelandet ikkje var drukki.
Den fekk han taka då. Når ein berre i ei hast kunde
finna på noko å segja! Ein fekk tenkja seg um ei
stund. Men so kom det vel einkvar og tok emnet ifrå
han, Ja vel; der kom lensmannen. Han vilde visst
tala for fedrelandet no.

Men lensmannen vilde tala for studentane. Ikkje for
nokor serskild klasse av studentar; etter hans meining
fanst det ikkje slike klassor; når dei hadde fenge sin
eksamen, so var dei søner av Athene, og so var all
klasseskilnad avlyst. (Bravo! tenkte Daniel).
Lensmannen tala for studentane i det heile, og vilde serskilt
minnast at dei var embetsmannsemne. Det var rett
og naudsynleg, at arbeidet i statens teneste stod som
noko høgt og framifrå. Me høyrde nok sume tider, at

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0178.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free