- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
175

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

statstenesta var eit arbeid som — hm — som ikkje
var noko vidare verdt; me hadde endå frå ein viss kant
set det å døypa born samanstelt med å køyra møk —
hm; men lensmanen vilde halda det for den største
ulukka for staten, um skilnaden millom statstenesta og
anna arbeid skulde døy ut i folks tanke. Statstenesta
måtte stå som noko — ja, som noko idealt, for å bruka
det ordet, — som ei edel livsgjerning, som ein vigde
seg til i sine unge år, og som ein med energi heldt
fast som livsgjerning i den lange ventetid. Staten kunde
ikkje nøgja seg med leigetenarar og næringsspekuiantar;
ein måtte krevja at statstenaren gjekk j brodden endå
når det — når det galdt livet! Difor vilde han minnast
dei mange unge menner som no gjekk og fyrebudde
seg til denne si livsgjerning, og han vilde ynskja og
vona, at dei fyrebudde seg soleis, at land og konge
alltid måtte ha eit godt, eit trufast embetsstand. Skål!
Bravo!

Lensmannen drakk, og det grå andletet hans var
raudt som fullmånen; han var stridsmann for ein stor
tanke i kveld, og det var ikkje so ofte det gjekk på.
Daniel var reint glad i lensmannen for denne talen; det
han her hadde sagt var ord ut av hans eige hjarta;
det var visst og sant.

Men no kom Endre Storr; det var ikkje råd for det
lenger.

— Ja! når det skulde gå med talar her, so fekk det
. . . fekk det so vera. Dei hadde tala um bonden; ja;
han kunde og tala um bonden; gjerne det. Men ikkje
um odelsbonden; for odelsbonden vart meir og meir
. . . han vilde segja myte . . , «Hm?» sa det rundt
bordet. Men Storr vilde tala um den bonden som levde
rundt um i dalane no, •— «han som hev garden
stan-dande i pant i Hypoteken, han som ikkje lenger eig
den tuva han sit på, men gjeng og trælar for banken.
Ja, det er sagt her, at han arbeider ... at han
arbeider som træl» — «Hm!* sa lensmannen —; «og det
er sant, han arbeider som træl. Men so var det
nettupp han ikkje skulde arbeida; han skulde arbeida med

12 — Garborg: Bondestudentar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0179.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free