- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
178

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Viborg inn og sette seg; glasi sine hadde dei med seg.
«Uh, denne Endre Storr,» sukka Knutzon. «Ja det er
en skrue,» svara Viborg. «Nåh! d’er rett, huslærer!»
heldt han fram, «driv på! her får man drikke; for an’t
er her sgu ikke å ta se’ til!» «Nei, du kommer ikke
på nogen annen slags galei her,» meinte Knutzon.
«He-he; nei; man har jo noe som hetter moral her oppå
landet,» lo Viborg. «Ja, men appropos: har man ikke
no’e som hetter natteløperi åsså, hvaf» — «A snakk,
er du gal f Det er bare oppi avdalene, det.» — «Ja,
hva sier Di, huslærer? Di må kjenne te det, Di?»

— «Nei, den skikken er uddød på disse kanter», svara
Daniel truskyldigt. Dei lo so turt; han hadde vel
ikkje den rette svingen på målet. «Ja fa’n tro disse
bønder,» sa Viborg; «men d’er jo rimelig at Di ikke
vil gji beskje til oss; hva? Di er nok ful, Di? Hva?»

— «Å visvas,» meinte Knutzon; «huslæreren håller sej
naturlivis te huset, han.» Dei lo og drakk; so kom
Viborg med nokre ord um «husets kvindelige
besetning», som gjorde Daniel reint målbunden. At slike
folk kunde segja slikt! Og so den måten det vart sagt
på! Uvyrdsleg og fint på ein gong; sjølvtrygt,
likesælt; som det skulde so vera. Frons ut bana, frons
urbana . . .

«Go1 aften, mine herrerl» sa lensmannen; han skulde
heim. Kvinnfolki kom like eins og sa godnatt; herrane
Knutzon, Viborg og Becker flokka seg burttil fru Storr
og var galante; Daniel såg seg leid på dei. Men . . .
det var den formelle daning . . . Endeleg kom dei ut
som skulde ut; proprietæren, grosseraren og student
Stensrud fylgde dei til sleden. Dei andre drog seg inn
att; fleire samla seg ikring toddybordet.

«Den Storr er fanden ta mej en jonglør!» sa Bang
Block låg-mælt. «Alt det han fer og fiktar med, det
er s’gu berre for å gjera seg interessant; han vil vera
original . . . han burde fanden ta meg vera
opposisjons-mann!» Det meinte no ikkje Petersen; han smilte so
breidt og blidt; Storr var ein bra kar, litt naiv, men
umåteleg morosam; det traut ikkje på gaman i det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0182.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free