- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
180

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ania som i Paris. Det som han hadde set, det var
berre det simple, det grove, det som var for bønder . , ,
So kom herr Jokum for ein dag att; Petersen og Becker
fortalde sogor um han som var av eit sovore slag, at
Daniel fann det meir enn rimeleg at Hanna ikkje hadde
visst um dei. Men det som Bang Block sidan fortalde
um «den flotte fru Harry» var ikkje stort likare. Det
var forunderleg at der kunde vera so mykje slikt
millom fine folk.

Men Viborg og Knutzon hadde fenge smak på å
erta den snilde huslæraren; som han der sat og krulla
på det vesle kinnskjegget sitt og glodde framfor seg
med sine blide augo, storbygd og tung og gruv i akslene,
såg han so truskyldig ut, at dei kunde ikkje halda
seg. Var det sant at herr kandidaten i Kristiania hadde
fort slikt eit vilt liv? — Daniel kvakk; dei andre lo;

— ja, heldt Viborg fram; det gjekk eit slikt ord i
Kristiania. Herr huslæraren var nok meir kjend enn han
trudde, og det ikkje for det gode plent; «ikkje sant,
mine herrer?» — «Jo,» sa Knutzon; «jo,» sa Becker.
Daniel forstod no, at dei vilde gjera narr av han; og
han vart arg. «Kva er det for snakk?» sa han. «Snakk?
Vil herr kandidaten kalla det for snakk som er stadfest
av tvo gode vitne ? — Herr huslæraren gjorde best i
å svara på spursmåli,» meinte herr Becker. Og dei
fine herrane sat og glodde på guten med uppdregne
bruner og lorgnettar for augo; Daniel såg seg upprådd,
og kjende seg undermann; kunde ikkje klara seg mot
denne fiirande frons urbana.

Han vart berga av Stensrud, som gav seg til å fortelja
um student Rodberg; kjende mine herrar ein student
Rødberg? Det var han som var huslærar her på garden
i fjor. Det var gut som kunde leva vilt! Og so hadde
han det med det at han ikkje kunde segja sant; han
laug både når han hadde naud på det og ikkje; men
so var det ulukka at han kunde ikkje ljuga i
samanheng; den eine lygni motsa den andre, og so gjekk det
gale. Han hadde elles klara det lenge: hadde slege
seg pa det gudelege og fenge ein skikkeleg prestemann

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0184.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free