- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
181

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

til å tru på seg — Daniel vart uroleg, der han sat
—; og kvar gong det gjekk gale, gjorde Rødberg bot;
og so beit den snilde prestemannen på att. Endeleg
hadde han fenge artium. Men då han var ferdig med
den, slo han seg so laus med rangel og galskap, at dei
hadde ikkje visst onnor råd enn å senda den veike broder
Rødberg på landet. Men broder Rødberg visste råd
med å vera veik på landet og, han; og då han hadde
loge so lenge at lygnene hans tok til å slå kvarandre
i hel, so kom det upp alt, og Rødberg laut på porten.

— Kor Rødberg no var? — I Kristiania; og det var
dei som vilde vita at han gjekk konstabel inne på
Grønland no. — Konstabel? Kunde ein akademisk
borgar falla so djupt? — Å, meinte Stensrud; det var
visst ikkje greidt for den som svalt. — Daniel var sveitt;
han glytte på Stensrud med uro i augo og undrast på
um han endå kunde vita noko.

«Ja, der er mange slike,* sa Bang Block; han sat og
laga det femte glaset. Kjende herrane ein student
Monsen? Det var og slik ein lurifas. Han hadde
fikta seg fram med lyngner og lån i fleire år; ei tid
hadde han levt på ei malmgruve som bror hans ikkje
hadde funne; han var utum seg på alle kantar. Berre
slik ein liten ting som den —: her i vinter, då dei heldt
denne kommersen i teatret, «Børneforestillingen», som
«Borgeren» kalla det . . . «Apropos, var ikkje De også
med der, huslærar?» spurde Viborg ertande; han stakk
ofte på glaset. Daniel riste på hovudet; han vilde
ikkje ljuga ... Nå ja; denne Monsen, han slo lag
med piparane og fekk på den måten fribillet; men i
god tid fortalde han det heile til ein konstabel og
gjorde so sidan mynt av, at han ikkje hadde pipe.
«Ja de bønder, de bønder!» lo herr Petersen.

Daniel lika seg ikkje lenger millom den formelle daning.
So snart han såg seg kans til det, stiltra han seg ut
og gjekk og la seg.

Men det varde lenge fyrr han fekk sova. Han låg
og harma seg yver at han hadde klara seg so klent;
og no, etterpå, fann han ut ei mengd med gode ting

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0185.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free