- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
182

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

som han burde ha sagt dei fine herrane. Innimillom
vreid han seg i spursmål og tvil; kunde dei vita noko?
— Underlege ord hadde falle; men dei kunde då vel
ikkje tru, at han var ein slik ein fyr som denne
Rødberg, eller ein som Peder Monsen?

Det som var visst, var at dei hadde gjort narr av
han, og at han ikkje hadde kunna klara seg. Det var
frons urbana som måtte til, by-skallen, by-modet; hadde
ein berre det rette mod, det rette lag, so kunde ein
segja og gjera kva ein vilde.

Og so toskut som det var, at han ikkje hadde tala
for fedrelandet. Hadde han gjort det, so hadde dei set
at han var noko til kar, han au. Men i morgon, i morgon
skulde han fara klokare. Han skulde syna dei vise
herrane at han ikkje var nokon kastekjepp; han skulde
tala for fedrelandet. Denne tanken gjorde at han vart
rolegare. Og talen for fedrelandet tok han til å halda
med seg sjølv; og det gjekk godt: «Mine herrar! Under
all vår strid . . . er det då eit namn, som . . . når det
vert nemnt . . . fær oss til å gløyma . . . alt det som
kann skilja oss åt . . . og til å . . . gjeva kvarandre
broderhand . . .» — Underleg nok, tenkte han, at ingen
av dei andre heller tala tor fedrelandet. Er det ikkje
fint kann henda? Jau visst må vel det vera fint. Det
er berre internasjonale som trur, at fedrelandet ikkje er
noko . . . «— gjeva kvarandre broderhand . . . liksom
fedrane på Eidsvoll . . . Ja, mine herrar! dei store
minni . . . soga . . . I rosenlund under sagas hall . . .
dei store fedrane, vikingane, som vann heile rike . . . alt
dette . . . dei høge æser . . . og åsynjor . . . og dei
høge helteskapnader som vandrar gjenom soga . . . dei
høge Håkonar . . . dei høge Olavar . . . Og endå hev me
menner som . . . vil våga liv og blod . . .» —

— Herr Jokum sat ved bordet og nikka; på bringa
hadde han Olavsordenen. Men grosserar Storr stod og
glodde på Daniel med heite augo og sa at fedrelandet
var . . . fedrelandet var . . . han vilde segja ei frase.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0186.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free