- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
183

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

XII.



Joli vart lang og strid.

Det gjekk med toddygilde og matlag dag etter dag
bygdi rundt, og nattevaking og dans innimillom; det
var ei turing som Daniel ikkje hadde set make til;
Endre Storr sa på sin måte, at det var «villmannen,
som rasa». Han og dei andre bykarane heldt elles ikkje
lenge ut; dei drog til byen att straks yver joledagane.

Men Daniel totte det stod godt til. Dei fine herrane
hadde vore rimelege mot han sidan; og han var stød
på at dei ikkje visste noko. Og joleturingi skulde han
alltid klara. Han var som i himmelriket no mot i fjor
dette bilet, då han gjekk der inn-i byen og svalt.

Kor godt han i røyndi lika dette jolelivet her, det
fekk han best vita då det tok ende. Det var reint
vondt å gå i veg att med striskjorta og havrelefsa; og
då han fyrste gongen skulde til med smågutane og
høyra dei i tysk, var det so han kunde rømt til skogs,
so leid var han. Aldri i verdi heldt han dette strevet
ut. Han kjende det so vel, både den dagen og sidan.

Ein hugnad hadde han, og det var den, at skjegget
hans tok seg godt upp. Og so var han visst i det
heile meir sjølvstendig no enn han hadde vore. Han
hadde ikkje lenger slik ovvyrdnad for proprietæren.
Og den munnsterke Endre Storr hadde ikkje kunna
rikka han i hans gamle tru på ånd og ide. Han hadde
ein dag våga seg i ordkast med denne mannen. Vilde
grosseraren vedstå den setningi — hadde han spurt —,
at det berre var dei rike som kunde vera upplyste?
Til dette svara grosseraren ja. Og han hadde autoritetar
for seg, tenkjarar «som herr kandidaten sjølvsagt kjende
likso godt som han»; ja det var ikkje fritt for at
han hadde grunnar. Det var ikkje Daniel som vann
i den striden. Men han visste at Storr hadde urett;
grunnane fekk han tenkja ut etter kvart. Storr hadde
urett i det heile. Det som han for med, det var
på tvert mot alt det Daniel hadde høyrt og lært;
heile samfundet, frå kapellan Hirsch til Dølen, frå

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0187.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free