- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
184

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

professor Darre til Fram, vilde samrøystes fordøma slik
materialisme.

Han var ikkje so bunden av sine gamle autoritetar
heller som fyrr. Han tok til å skýna, at ikkje alt som
glima var gull; når endå ein mann som
folkehøgskulelærar Meier kunde vera ein åndeleg næringsspekulant,
so var det ikkje godt å vita kven ein skulde tru; «Den
gode Borger» laug kann henda mindre enn folk tenkte.
Kven kunde t. d. vita, um kapellan Hirsch var slik ein
mønstermann som han galdt for? Hadde han ikkje
ein gong reist ifrå ei gjerning, av di han ein annan
stad kunde få nokre hundrad meir i årsløn? — Nei,
nei; um Hirsch vilde ikkje Daniel tenkja slikt. Men
dei andre, — kven kunde han stola på av dei andre?

Av fru Louise hadde han høyrt, at kjærasten til
Hans Haugum skulde vera ei gjente på sine 10 000.
Kven skulde ha tenkt at Haugum hadde slik sans for
pengar? Og kven kunde vita, um ikkje han for dei
10 000 dalarne hadde selt og svike — sin ungdoms ideal?

Fru Louise hadde sagt at Haugum var ein mann
som hadde lukka med seg. Hm ja; på ein måte. Det
hadde ikkje vore ille, um Inga Holm og hadde vore
rik; det hadde vore ein greid måte å koma ut av
armodsdomen på. Eller . . . um ein hadde havt eit anna
ideal? Det var i grunnen tankelaust å binda seg, fyrr
ein var so gamal at ein hadde eit grand greide på
verdi.

Han tottest tydeleg forstå, at Hanna ikkje hadde
noko imot han. I det seinare hadde ho jamvel vorte
meir husleg av seg, både i klædnad og elles; og det
var kome på, etter at Daniel ein dag — på tal um
fru Stensrud — hadde sagt at han lika huslege kvinnor.
Fyre jol hadde ho helst spela norske folketonar, som
han hadde sagt han var glad i; etter jol, då han
fortalde henne at han var fortjust i «Gluntarne», tok ho
til med dei, spela «Gluntar», so Daniel vart mest leid
av det. Fleire slike merke var der; og Daniel tenkte
med seg, at det i grunnen var synd i gjenta; ho kunde
vera betre verd enn å bli gåande attergløyme. —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0188.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free