- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
187

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

skapen. Prestane gjekk og preika for dei um at dei
skulde lita på Vårherre og ikkje syta for i morgon; det
var syndigt å streva etter rikdom; ein skulde vera
«for-nøiet i sin kreds», leva som fuglane i lufti . . . kunde
ein venta noko av eit folk som voks upp med slik
lærdom ? Det vart eit folk av letingar og drøymarar.
Gjekk og sleit, so vidt det heldt livet i seg, men lenger
kom det ikkje. Kunde ikkje Vårherre gjera so ve! at
han let dei finna ein gullklump i åkeren sin? Kunde
ikkje Vårherre senda eit rikt fiske, gjeva gode frakter;
lata det regna med tolvskillingar, snøa med dalarsetlar?

— Studentane lo, Daniel med, heller raud um sine
kjakar. Men, heldt Storr fram, berre bøndene våre kom
til Amerika, so vart dei som folk av eit anna slag. Det
var ingen der som fortalde dei at dei skulde stola på
Vårherre; der lærde dei at dei skulde hjelpa seg sjølve;
og når dei hadde lært det, so klara dei seg sjølve; for
arbeida, det kunde dei! — Daniel kom seg ikkje til å
segja Storr imot i kveld. Han hadde rett i sumt,
serleg var det mykje i det han sa um bøndene.

— «Oh, oh, oh!» lo Aslak Fjordan burt i kroken sin,
han vart meir og meir høgmælt; «eg held med dei
som vil ha prestane avtekne, eg; der er eg med; oh!
oh! ohl dei svinebeisti. Stend dei ikkje der og lyg so
det renn av dei kvar guds skapte sundag! Trur dei
ikkje me veit at Jesus vart gud på kyrkjemøtet i Nikæa
300 år etter han var daud? hohoh-oh! utnemnd til gud
med simpelt fleirtal? Og fleirtal fekk han, av di
keisaren gjekk med! hadde keisaren gjenge med Arius då,
som han gjorde fleire gonger fyrr, so hadde Jesus aldri
i verdi vorte gud! Det veit dei, svinebeisti!» — Hu,
for eit skravl. For råskap i tanke og tale; sjølve
dialekten var simpel! Men Gregus Johnsen sat og nikka
og totte Aslak tala godt; kann henda levde han på
Aslak i denne tid. Ender og gong strauk han seg
gjenom håret; heldt so fingrane framfor seg og stirde
på dei med myrk andletsbragd; vilde sjå um det hadde
fylgt hår med . . . ein tokke av noko forkome, armods-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0191.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free