- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
188

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

leg, fantefare fekk Daniel når han såg på desse karane;
han snudde seg ifrå det med mothug.

«Ja Gu vågar han seg inn!» sa Endre Storr lågt og
stirde mot døri. Daniel fylgde augo hans og fekk der
sjå ein mann, som han totte han skulde kjenna. Jau;
han kjende mannen. Det var Bernt Bruvik. «Det er
ein norsk odelsbonde det,» sa Storr. «Sjå kor stød og
påliteleg han ser ut; so roleg og alvorsam og ærleg;
ein skulde tru det var ein gudsfugl; og so er det ein
utkropen kjeltring. Han hev handla nokre år her i
byen; fekk pengar med kona og øydde dei upp; so
levde han på vekslar; snytte halve byen . . . for ingen
kunde anna enn tru på slik ei åsyn! Men . . . her
um dagen spela han upp. Kreditorane skal ha von um
halvannan prosent, vert det sagt.»

Daniel totte han fekk vera sjølvstendig og sa, at det
var kjeltringar i byen som på landet. Dertil svara
Endre Storr ja. Denne Bruvik var ein representant for
heile folket. Me gjekk her og galdt for å vera so
grunn-støde og ærlege; og når alt kom i hop, so var me eit
folk av fantastar. Lettlynde, usætande; taterpakk. Det
var ikkje ventande at bonden skulde vera betre enn
andre; tvert imot. Det skulde stor kultur til, fyrr folk
lærde at det var gale å ljuga, ja fyrr dei berre lærde
å skilja klårt miliom sanning og lygn. Dette totte
Daniel var underlege ord; men han tagde. Dei drakk;
Storr baud nye sigarar.

— «Ei minneskål for Olsen den fyrste!» ropa Aslak
Fjordan og drakk. «Olsen den fyrste var ein bra kar!
Hadde eg havt råd, so skulde eg reist der upp i morgon
og fylgt han til jordi. Elles såg eg lenge at han hadde
tæring.» Daniel vart forstøkt av å høyra dette; hugsa
so at han skyldte Olsen den fyrste 4 dalar, som han
då no slapp å betala . . . «Hærland hev og tæring,»
sa Gregus Johnsen. «Ja det er verre,» svara Strand;
«Hærland er jagu eit av dei beste hovud, cg hev kjent.»
«Han kunde vorte noko stort, han,» sa Aslak. «Men
han hev havt det for vondt . . . mykje arbeid og lite
mat; kaldt rom, sunde støvlar; det gjeng so i verdi.»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0192.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free