- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
191

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

utlevt, reint maktlaust av det lange marerid. Men
ettersom eg hev lært folkel liksom personleg å kjenna, hev
desse myrke tankane tint burt; eg skal, um me ein gong
råkast, kunna fortelja deg mangt um dette. Mykje leidt
hev eg set; men meir hjartegull hev eg funne. Og det
tidt der ein skulde ha venta å finna alt anna enn gull.

«Men eg hev meir og meir lært a sjå at den rette
måten å vekkja folket på, det er ikkje å senda bonden
til byen, der han ofte vert utskjemd og gløymer både
* Moders Maal og Faders Skik»; nei; bonden må vera
bonde, og få daning — sann daning, ånds- og
hjarte-daning — på heilt upp heimsleg grunn. Difor hev eg
ikkje helpt andre enn deg til å studera; eg hev heller
sendt dei på folkehøgskulen. Denne er det største og
fagraste som er uppkome i Norderlandi i heile vår
nytid; og den vil gjera eit verk — fyrst og fremst her i
Noreg —, som framande folk og komande ætter skal
undrast yver.»

Kapellanen akta seg ti! å byrja ein folkehøgskule
sjølv um eit års tid eller so, fortalde brevet; han kunde
ikkje få gjort so mykje som han viide når han hadde
preste-embete å styra; og no, då verfar hans var dåen,
fekk han råd til å våga eit slikt tiltak. Fyrst måtte han
ut av landet eit års tid og kvila og samla kunnskap;
men so skulde tanken i verk. Han spurde Daniel, um
ikkje han vilde vera med på dette.

«Det vert ikkje stor løn du fær; men det vert so
mykje at du klarar deg på lands vilkår; og når ein hev
so ein klarar seg, so skal ein ikkje ha meir. Og eg
veit at du hev vore uppglødd for dei livs-tankane, som
dette arbeidet er bygt på; og du veit, at livsmålet for
mannen, det er å ha noko stort å arbeida og strida
fyre; du vil 6g aldri trega på at du hev ofra deg til
so fager ei ånds-teneste som dette er. Eg vil ikkje
yvertelja deg; kvar fær taka det arbeidet han kjenner
seg kalla til; der vil han finna sitt livsmål. Men eg
vil beda deg tenkja yver, um du er stød på at du kjenner
ditt kall retteleg. Du hev tenkt på å vera prest; er du
stød på at du vil makta denne tunge gjerning i tider

13 — Garborg: Bondestudeotar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0195.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free