- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
192

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

som desse? Eller kann henda vitskapen dreg deg? Tenk
i alle tilfelle vel yver det, at ingen ting er verre enn å
,tage Feil af sin Bestemmelse’ *. Brevet slutta med ei
hjarteleg helsing; Daniel drog anden djupt og tenkte
med glede og halvt med spott: han veit ikkje noko,
han heller.

Det fyrste av brevet, det um bylivet, la Daniel lite
merke til. Det kunde vera sant på ein måte, men . . .
det galdt mest um å finna eit svar på dette um
folkehøgskulen.

Han hadde visst ikkje kall til å vera høgskulelærar.
Han hadde ingen rett hug. Gå der uppe millom
bøndene og læra dei livsvisdom, det kunde vera fagert og
godt . . . endå bonden kann henda trong likso mykje
til annan slags lærdom. Vitskapsir ann ? Nei det hadde
han aldri tenkt på. Han brydde seg ikkje større um
vitskapen. Han skyna i grunnen ikkje rett kva den
var god for. Sanningi hadde me. Alt som Vårherre
hadde funne det tenleg for oss å vita, det hadde han
upplyst oss um i bibelen. Kva var det so dei leita
etter? Og um dei aldri so lenge rota og grov i kjøt
og blod og daude skrottar, dei fann aldri ut kva livet
var; og ikkje fekk dei vita noko um livet etter dette
heller. Det dei leita etter visste bibelen, og meir til.
Di meir ein tenkte etter, di meir vilde ein finna, at
bibelen gav svar på alle vare spursmål. Og dei svari
me der fann, vilde visa seg å vera dei djupaste og beste.
Der var eit og anna i bibelen som me ikkje skyna;
men det viste 6g at bibelen var Guds ord; for hadde han
vore menneskeverk, so hadde me kunna forstå alt saman.
Det var teologi Daniel alltid hadde tenkt på. Den lærde
oss å tyda bibelen; og ein teolog kunde vita meir enn nokon
annan um det som var verdt å vita. Teologien var
den einaste sanne filosofi; den visste noko. den; men
det som kalla seg filosofi, det var berre talemåtar. —
Og når han hadde lært det han skulde, so vilde han
vera prest. Ein prest hadde ei fager gjerning; og
presten var ein mann som folk hadde bruk for, og som
dei vyrde Det var han som rådde for kyrkja, og som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0196.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free