- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
193

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

var mest høyrd i sokni; ingen kunde gjera so mykje
som han. Og Daniel såg i sine tankar ein hyggeleg
kvit prestegard lysa fram millom grøne tre; og han såg
seg sjølv sitja der far og herre, og såg ei prestekone —;
ja, det var Inga.

Nei, han vilde ikkje vera folkehøgskulelærar. Han
var ikkje ferdig med studentlivet dessmeir. Til byen
att laut han. Der hadde han no mykje å gjera; skulde
lesa teologi og andre ting, og arbeida seg fram til
sjølvstendige meiningar . . . Som han gjekk og gruna på
dette, kom han til å tenkja på, at no var kapellanen
rik; no måtte han kunna hjelpa’n? Når det var teologi
han vilde studeraf Den tanken kveikte ’n so upp, at
han straks sette seg til å skriva svarbrev.

Han var ikkje enno so klår yver seg sjølv, skreiv han,
at han torde våga å svara anten ja eller nei på
spurs-målet um folkehøgskulen. Det einaste han visste var,
at han trong til å lesa teologi eit års tid eller tvo.
Han greidde ut dette med mange ord, og fekk det rett
godt til. Sistpå kom han inn på pengenaudi si. Det
var ikkje lett å få noko å gjera for den som berre
hadde andre-eksamen, so det kom visst til å taka tid
fyrr han vann seg fram; men han fekk drygja og sjå
um det ikkje skulde laga seg. Meir var det ikkje verdt
å segja for det fyrste, tenkte Daniel; han sende brevet.

Lenge gjekk han og venta på svar. Han tok alt til å
undrast på, um han skulde skriva til grosserar Helle og
freista med honom. Men so kom det brev frå
kapellanen. Der stod, at Daniel skulde tala med Jens Rud;
so vilde han gjera utveg. Men kapellanen vilde ikkje
at Daniel skulde liggja altfor lenge og «lesa i ro»; for
den teologien me no hadde, var den verste tyske
åndløysa som tenkjast kunde, og reint ut fårleg å rota seg
ned i; og når alt kom i hop, so lærde ein meir av livet
enn av alle bøker. Difor vilde Jens Rud sjå å skaffa
han arbeid når det leid på, men då ikkje meir enn at
han skulde kunna lesa samstundes.

Daniel lika ikkje dette siste so godt. Men ein utveg
var al! tid betre enn ingen. Og so fekk ein sjå etter

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0197.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free