- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
195

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i kyrkja og høyrde sin dom av hans munn, so gløymde
dei nok å flira; — huff, den som kunde bli bisp! —

— Han gjekk på helsing til grosserar Storr og vart
vel fagna. Grosseraren sjølv var ikkje heime; men fru
Louise var greid. Reint som ei syster var ho imot
han, og vilde alltid han skulde fortelja um seg sjølv.
Daniel hadde ikkje noko imot å gjera henne til viljes i
dette stykket; alt som han vilde ho skulde vita,
fortalde han. Og han fortalde ikkje anna enn som sant
var. Han kunde forsvara kvart ord han sa — for
nokon ljugar vilde han ikkje vera; — men han måtte
undrast sjølv yver kor godt han fekk det til. Sjølve
haud’en til artium klara han fint; og då fru Storr sa
at haud var ein god karakter, og at bror hennar heller
ikkje hadde meir enn haud til artium, vart Daniel so
fornøgd at augo hans lyste gjenom brilleglasi. Fru
Storr såg seg glad på desse augo; dei var so djupe
og trufaste, totte ho. So fortalde ho han, kor glade
dei hadde vore i han der heime på Stensrud; då ho
serskilt nemnde Hanna, gjorde ho det på ein slik måte
at Daniel vart raud. Frå den stundi tottest ho kjenna
hans hjartans løyndom; men Daniel tottest likso
tydeleg vita, kvar han hadde henne i den saki.

So gjekk han i russelaget. Der skulde det nye
studentlivet hans byrja; og han spådde seg ein
herleg kveld millom den grøne ungdomen. Men han kom
snart etter, at russen i år ikkje var som russen i hans
tid. Det var leven og ståk i kveld som då; men der
var ikkje slik glede i det. Og det som skulde vera
morosamt, vart ofte etter hans meining fåme. Han
undrast på dette ei bil, fann sistpå ein grunn: det
måtte koma av, at det i år var so mange
bondestudentar.

Han kjende dei karane berre han såg dei. Og han
lika dei mindre og mindre. Dette tunge og breide i
rørslor og andletsdrag, dette, som han fyrr hadde trutt
var kraft, — det var ikkje kraft; det var «råheita».
Bystudentane hadde ikkje noko sovore, men kunde vera
like kraftige for det. Og det verste var, at bonde-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0199.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free