- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
196

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gutane no såg ut til å gjera seg til av råskapen sin.
Dei gjordest på å vera bønder; det var tilmed dei som
gjekk bondeklædde. Og so gjekk dei og glodde på
bystudentane og på alt som fint var, med ein storsnut
so ulidande . . . Daniel fekk sjølv merka dette, og vart
både harm og heit.

Men verre enn verst var det, at bystudentane fann
seg i dette bondeveldet, ja gjorde krus for bøndene
attpå. Det gjekk so vidt, at der var bystudentar som
la seg etter å sjå ut som bønder sjølve. Daniel såg
seg leid på dette. Skulde det halda på soleis, so vilde
det snart ikkje vera noko framifrå å vera student. Alle
desse bondegutane drog studentlivet ned; folk vilde
snart ikkje vyrda studentane meir enn andre
seminaristar.

Punsen gjorde seg drjug; og då han endeleg kom,
var han ikkje drikkande. Det var sukkervatn.
Russetalen hadde noko av det same. Der var mykje søtt og
lite sterkt; mange blomar, men lite til å læ åt. Det
meste var fagre ord um studenten som var «folkets
søn», og studenten som var «bærer av ideen»; russen
helsa alt dette med vill eldhug; Daniel hadde so nær
sjølv vorte riven med; men so hugsa han i rette stimdi,
at slikt vilde upplyste folk kalla frasor.

Og det vart verre og verre di lenger det leid, Det
var ein som tala for våre «folkelege stormenn», som
var «utslag av den norske folkeånd»; dei løyste det
som låg «bundet i folket», og vart folkeførarar,
folke-skaldar, folkekjempor, folkefrelsarar. Ein annan tala i
svimrande ord um «nordens ånd», som var alt og var
god til alt; so kom det ein og tala for folkehøgskulen,
som var «datter av nordens ånd»; denne skulen skulde
vekkja folket og løysa folket og spela folkeprinsessa ut
av havmannens vald; men havmannen var
materialismen. Sistpå kom det ein ung bygut upp og tala på
«målet»; då vart Daniel både skamfull og arg. Han
lika ikkje å høyra denne bondelåten i godt lag; og
når ein fyrst med slit og slep hadde arbeidt seg upp
or bondelivet, so vilde ikkje han vera med og støypa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0200.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free