- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
197

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

seg ned i det att. Han reiste seg og gjekk ut i eit
siderom. «Eit leve! fyre da’ norska målet!» skreik
målstrevaren; «Hurra! Hurra! Hurra!» svara salen;
Daniel meinte dei var galne.

Han sette seg ved eit bord og smaka på punsen. Han
kjende seg so leid og åleine. Bøndene lika han ikkje;
og miliom byfolket var han nok heller ikkje rett heime.
Rangsnutt var alt. No hadde han fenge som ei von
um å nå fram til fin folkeskikk; men so gav byfolket
seg til å vera bønder; det var plent liksom det han
hadde streva etter alle sine dagar, ikkje skulde vera
noko tess lenger no. Han forstod ikkje sovore. Og
alt tok til å gå i ring. Sistpå vart hans harmfulle
tanke heftande ved kapellan Hirsch. Hadde den . . .
den . . . drøymaren lært han upp på vanleg
latinskule-vis, so hadde han fyrr vorte bymann. Men so var det,
når fatigmanns son skulde fram i verdi; det gjekk på
slump, og so gjekk det deretter. «Hurra! Hurra!
Hurra!» kom det dundrande frå salen som toreskrell,
«Hurra! Hurra! Hurra!» verre og verre . . . og so ein
dur, eit dunder av klapping; og ut av braket arbeidde
det seg fram ein song, sterkare og sterkare, sterkare
og sterkare; og songen vart til ein storm som fyllte
huset:

cja vi elsker dette landet
som det stiger frem
furet, værbitt over vannet
med de tusen hjem>

Daniel sat og undrast på, um dei der inne elska
fedrelandet slik som dei skreik til. Men elles var det
minst fyre å elska fedrelandet for dei som hadde det
godt.

Noko lenger ut på kvelden kom han i lag med Strand
og nokre andre; ein av desse hadde ei konjakkflaske
med seg, og so fekk Daniel kvessa punsen sin. Det
gjorde godt. Men Strand gjorde narr av Daniels «nye
menneske» og hadde lært seg til med ein måte å tala
på, halvt skjemtande og halvt spottande, som Daniel
ikkje kunde lika. Ein var aldri stød på um han meinte

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0201.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free