- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
198

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

det på vondt eller godt det han sa; det var ein
bonde-storsnut mykje verre enn frons urbana. Av dei andre
Ia Daniel mest merke til ein feit, bleik, roleg fyr med
ljost hår, taksteinsraudt skjegg og store brillor; det var
han, som hadde konjakkflaska med seg. Namnet hans
var Olai Juberg; det skulde då vera han som Haugum
hadde sagt var so øydelagd? Det måtte vera noko
stort tøv. So var der ein halvgamal ein, som var
framførd som «Cand. filos. Eleasar Karelius Manassesen
Stormyrhals, almindelig kaldet «Karl Magnus», ein
svartmusken, mager nordlending; frå dei gruve akslene
skaut hals og hovud seg fram som på ein fugl. Den
fjorde i laget var ein ung russ, Aslak Mogen frå
Telemark; det var kann henda den fagraste guten Daniel
enno hadde set; men bonde kunde ein sjå han var.
Daniel undrast lenge på denne guten; fann endeleg ut,
at det måtte vera ein ætting av desse gamle
odels-bøndene, som no snart vilde vera myte.

Karl Magnus førde ordet. Han var sterkt uppglødd
yver den unge bergensaren som hadde tala mål; soleis
skulde det gå; på den måten skulde målsaki vinna.
Russen var gild i år. Det var folk med ålvor; og so
var der so mange bønder. Gilde, støde gutar, seige
som bjørkekubbar; merkeleg gode, sterke åsyn var det
på dei fleste; og so blygdest dei ikkje lenger for å
vera bønder. Han gjekk alltid um hausten og såg på
russen, fortalde han; såg etter korleis åkeren stod; um
det var grøde som var verd å berga inn; han hadde
slik glede i den tanken, at kvar ny haust gav nye
voner for landet.

Men sumt var det som var flirande med. Som no
alle desse gamle, desse som gjekk og masa og aldri
vart ferdige. Heile året låg dei i hi, sume uppå landet,
andre på ein hybel; ingen visste um dei; men til artium
kom dei krekande fram, underlege og forkomne,
folke-redde, holsvoltne, slitne og bøtte, fælare og fælare for
kvart år, meir og meir lurvelege, yvergrodde med skjegg,
med ragg; ha-ha-ha, dei hadde ragg! Gamle
Vidunder-bø, han var då endeleg berga; Karl Magnus hadde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0202.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free