- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
200

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Ja, Ja, heimen og kyrkja greider no trui best dei,»
meinte Karl Magnus.

o«Enn du då, Aslak, vil du bli teolog ?» spurde Strand.
«A langt ifrå,» svara Aslak, han smilte som eit barn,
«eg vil ikkje vera noko slags embetsmann eg.» «Det
gjer De rett i,» sa Karl Magnus. «Når folk kjem i
embete, er det som dei var daude. Dei vert bundne av
alt delte «foreskrevne», og so sovnar dei av; kapslar
seg inn som trikinar, og ét og drikk og avanserar etter
ansiennitet» , . , ?Ja, og so hev dei ikkje nokon
vyrdnad miliom folk,* meinte Aslak; «dei er so nautne at dei
berre vert til lått. Og det dei røder um er løn og
pensjonar; og som dei ser ut! Når du ser slik ein gamal
grå og sur og skakk og sliten fut eller prest, so er det
plent som du såg eit par gamle skeive, uttrødde sko!»
Aslak lo lystigt; dei andre med. Men Daniel var vond
og kunde ikkje tenger lika Aslak; — å segja nokon
ting imot kunde sjølvsagt ikkje nytta i dette laget.

Betre lika hau seg, då dei tok til å fortelja sogor frå
«Fabrikken». Strand og Juberg fortalde i kapp; Daniel
lo so tårone draup, og fortalde eit og anna som han
sjølv kunde hugsa; dei par åri på Heltbergs skule var
dei gildaste han hadde levt! Karl Magnus forklåra, at
Gammeln hadde gjort meir i vårt folkelege
utviklingsarbeid enn nokon kunde rekna ut; han heldt serleg
fram, at so mange av bondegutane frå hans skule vart
juristar og filologar. Og det var tidt våre beste folk.
Til døme vart miliom andre Hærland nemnd; og Strand
sa, at det einaste denne vanta på å vera «fullvaksen»
var, at han ikkje var sosialist. Daniel merkte seg dette.
Karl Magnus la imot; men det kom seg vel berre av,
at ikkje han heller var «fullvaksen» i den folkelege
politikken. —

Strand og Karl Magnus og Daniel gjekk sistpå heim
til Olai Juberg og drakk øl. Samrøda kom no inn på
drjugare ting; Strand og juberg tala um sine synder
som nok ikkje var fa; og det var gutar som ikkje var
bljuge for å segja som det var til. Fælt so ufint som
slikt var når det ikkje hadde rette svingen, tenkte Daniel.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0204.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free