- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
201

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han gav seg i drøs med Karl Magnus; denne var no
eit grand fløven og tok til å fortelja um ei stor
upp-finning han arbeidde med; det var ei fljugemaskine som
han trudde vilde bli praktisk. Han grov og leita i alle
lummor etter ei teikning han hadde gjort til denne
maskina, men han fann i staden for den eit brev, som
førde tanken hans inn på ei ny leid.

Brevet var frå ein skulemeister som hadde mist
posten sin, av di han var vel glad i godt lag. Det
hadde fleire gonger vore ugreide med han; til slutt
hadde han gjort . . . gjort . . , «Skandale?» spurde
Daniel; «å ja» og so vart han sett paa berr bakke.
No vilde han her inn til hovudstaden og søkja si næring;
og det var ein glup kar; men Karl Magnus visste at
det ikkje kunde nytta. «Ein fyr som er avsett for fyll!»

— Daniel hadde vondt av skulemeisteren. Men når
folk ikkje tok seg i akt . . .

«Ja, ja; det er det som er ulukka,» sa Daniel, han
tok og til å få vel mykje øl; «det er det som er ulukka
. . . folk vil leva godt og ... ha det godt ... i
staden for å arbeida og spara. Tener dei noko, so gjeng
det til stas og fjas; dei ét det upp og drikk det upp
. . . og sidan gjeng dei og drøymer og drøymer og
liter paa slumpelukka; gjeng det gale, so kann dei alltid
fa arbeid sidan . . , Slikt gjeng aldri godt. Det er
villmannskap! Bonden er ikkje lenger den . . . odelsbonden
som han var i gamle dagar; garden hans stend i pant
i Hypotekbanken ... og so gjeng bonden og trælar
for den; og det vert upp i fant alt i hop. Det hev vore
sagt mange fagre ord i kveld um upplysning og
åndsliv ; men ... ja. Folket må læra a arbeida; det er
tingen!»

Strand sat og glodde paa Daniel med heite augo; so
sette han i og svor på, at den som sa at folket ikkje
arbeidde, han laug. Og den som sa at folket levde for
godt, han var eit talghovud . . . Det kunde vel henda
at desse proprietærane uppaa kaksebygdi levde som naut
og drakk skogane sine upp i sjampanje; men dersom
Braut trudde, at bøndene var slike skadedyr, so var

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0205.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free