- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
202

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ikkje han mannen til å føra det store ord i den sak.
Daniel stirde paa Strand; hadde aldri set maken til
augo; dei lyste brandgult som paa ein orm; «eg hev
vel rett til å ha meiningar, eg og,» stota han. «Dei
meiningane De hev lært uppå kaksebygdi, dei kann De
ha for Dykk sjølv,» svara Strand eggjande; «og elles
hev De vel aldri havt meir ’meiningar’ enn De hadde
godt av, herr Braut!» Daniel vart uroleg; han svara:
«eg hev aldri vore partimann ... Eg bryr meg pokker
um politikken . . . Det eine partiet kann vera likso
godt og likso gale som det andre . . . Skillingspolitikken,
den hev eg no aldri trutt på . . . Landet vert ikkje
rikt av å knipa inn 20 dalar på ein stakkars pensjon
. . . Kann henda er det ikkje gull alt som glimar i
i denne folkehøgskulen heller; hadde kandidat Meier
fenge det prestekallet han søkte ...» — «Hev Meier
søkt prestekall?» harska Strand i. «Han hev kje so
mykje som tekc practicitmlt skreik Karl Magnus. Daniel
kjende seg våpenlaus og vart redd. «De vil kanskje
prøva å kasta mistanke på ein mann som Meier, De?»
spurde Strand; «det er fanden gale meg det sjoflaste
eg hev høyrt. Koma med beint ut lygn for å sverta
cin mann, som hev sett heile sitt liv inn på å hjelpa
bonden! Meier er ein mann som skulde ha takk og
vyrdnad av heile landet; og minst av alle tenkjer eg
herr Daniel Braut hev rett til å tala um uekte gull!»
Strand eggja seg meir og meir upp, og vart sistpå so
grov og leid, at Daniel ikkje såg seg onnor råd enn å
koma seg av garde. Med tungt hovud rusla han heim;
han hata Strand og heile hurven; det var reine råheita
alt i hop. -—

— Um morgonen vakna han fyllesjuk og leid. Det
siste av gårkvelden hugsa han uklårt; låg og streva i
pinefull uro med å draga seg det til minnes; og di meir
han hugsa det, di sveittare vart han. Aldri i verdi
torde han koma til Jens Rud no; han fekk skriva til
han, og helst med same.

Han skreiv. — Og fekk skriftleg svar. Stutt og roleg.
Jens sende han ein setel som gav han rett til å hevja

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0206.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free