- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
204

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ikkje vera som han vilde når han rødde med sin gamle
ven.

Um kjærasten til Haugum fekk han vita at ho ikkje
var so rik som ho kunde ha vore; far hennar hadde
sett mest alle pengane sine i skipspartar, og hadde
havt svære tap i seinare tid. «Er det den fyrste du
hev elska dette?» spurde Daniel. «A langtifrå,» svara
Haugum og lo; «eg hev elska so mange!» — «Ja men

for ålvor?»–«For ålvor hev eg berre efska ei fyrr,

og ho narra meg.» — Um ei stund heldt han fram:
«Det er sant: kor lever Hanna Stensrud? Ho er ikkje
forlova enno?» — «Ikkje det eg veit.» — «Hm, rart
nok! Ho var so gode vener med ein løytnant her inne
. . . sume segjer med tvo. Men dei fann henne vel
ikkje rik nok.» Daniel vart uroleg; «er ho ikkje rik?»
spurde han, «A jau; for oss so —. Kann henda du
tenkjer på henne?» — «A langtifrå!»

Elles hadde dei fleste vorte meir eller mindre
um-skapte; noko som ein ny ham hadde lagt seg yver dei;
det var vel den akademiske borgarskapen. Sume hadde
laga seg so um, at dei var lite attkjennande; det galdt
vel um teologane mest. Der gjekk t. d. Johannes
Ortvedt reint som ein ny mann; han var svartklædd og
høgtidsam, og smilte, men lo ikkje lenger. Jens Rud las
jus; men det vart fortalt at han vilde heim og bli
gardbrukar. Markus Olivarius studera «jus, filologi, teoiogi,
medisin og andre vitskapar», og «visste alt som andre
ikkje visste». Aslak Fjordan var faren til Amerika; «det
var ikkje råd at ein akademisk borgar kunde gjera noko
til gagns her i landet», skuide han ha sagt. Sven Dufva
låg på landet og kvilde hovudet sitt; Gregus Johnsen
iåg på landet og «samla inntrykk»; Rødberg for ikring
på Vestlandet og var lekpredikant. Det vart i det heile
sjeldan noko av det med bondestudentane, etter som
Daniel kunde skyna; dei som kom nokon veg, var dei
som slo seg på teologi.

— På ei ettermiddagsfyrelesning råka Daniel sin gamle
skulekamerat Kristian Bliland; det var berre med naudi
dei kjende kvarandre att. Dei hadde mykje å drøsa um

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0208.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free