- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
205

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

no; og Daniel fylgde Kristian heim på romet hans.
Det viste seg at Kristian var den same i lag og i
åtferd; men meiningar hadde han skift um ymse ting; og
då vart Daniel so glad, at han våga seg fram med
mykje av det han elles ikkje torde tala um.

Dei samdest rett godt. Kristian vilde fylgja dei
«folkelege», rår han berre kunde vera stød på at dei ikkje
gjorde altfor fast samlag med Grundtvigsmennene; «ja
er det ikkje det eg og er redd?» sa Daniel; «dei er
Grundtvigsmenner mest alle i hop; og mange er reine
rasjonalistar!» — «Ja, rasjonalistane er no ikkje so
farlege,» svara Kristian roleg; «det er dei grundtvigske
med sine folkehøgskular og alt det —; skulde dei få
inngang i folket . . . med sin pelagianisme og heile sin
fiåe og grunne kristendom . . . so Gud hjelpe oss.» —
«Det er sant,» sa Daniel; «og no er dei alt komne so
langt at dei tek til å snakka beint fram um å taka
kristendomen ut or skulen!» «Det kann eg ikkje tru,»
svara Kristian ålvorsamt. «Trur Eg hev høyrt det med
mine eigne øyro; — ja av teologar hev eg høyrt det!»
Kristian rugga på hovudet. «Og det som er verre enn
alt,» heldt Daniel fram, «eg hev høyrt sagt ende ut, at
rettfylgdi av desse folkelege tankane er sosialismen!
Sosialisme og kommunisme ... er det ikkje fælt?»
Kristian såg reint fortenkt ut. »Eg for min part,» heldt
Daniel fram og gjorde seg roleg, «hev i seinare tid
funne det best å slå meg ifrå politikken og dei ting;
for det er ikkje godt å vita kor langt ein kann fylgja
med no, tykkjer eg.» — «Nei,» sa Kristian; «det gjeld
nok å sjå seg fyre.» Daniel var so glad at han undrast
på det sjølv.

Han at ti! kvelds hjå Kristian, men fekk korkje øl til
maten eller toddy etterpå. Kristian la iser ut um
Grundt-viglæra og kor fårleg den var; sidan fortalde han um,
at dei på latinskulen hadde havt slik ein merkeleg mann
til religionslærar i dei siste par åri. Då Daniel vilde gå,
sa Kristian: «Skulde det ikkje vera godt um me bad
med kvarandre i kveld?» — Au, stend det slik til, tenkte
Daniel; «jau, jau, gjerne,» stota han.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0209.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free