- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
207

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

tanke um, at han lét seg køyra i ring av Jaabæk; og
denne bonden skulde vera landsstyrar! I grunnen var
det vel ingen som meinte slikt Dei som sa det, hadde
sine eigne fyremål . . . Hjelpa bonden fram ? Bonden
vilde ikkje fram. Han kunde ikkje koma fram heller;
han hadde ikkje råd til det. Han laut slita all sin dag
for maten til munns; han fekk ikkje stunder til å læra.
Det nytta ikkje å snakka um slikt. Det var berre dei
som hadde råd, som kunde vera upplyste. —

— Med pengar hadde Daniel vandt um å klara seg;
og verre vart det. Og endå laut han stundom hjelpa
andre. Lars Risvold kom upp ein kveld og sette seg
til å prata . . . Daniel skyna so godt kva han vilde,
og ynskte fyren til Bloksberg. Men dersom no den
stakkaren gjekk og svalt? so skulde ein ha det på
samvitet, um ein svata nei . . . Det var sant det gamle
ordet at armod var synd. Slike gagnløysor som gjekk
og levde av å plundra sin næste, dei fortente å svelta,
når alt kom i hop. Fleire slike stakkarar kom; millom
dei Peder Monsen, som vilde låna ein dalar til i morgon;
han fekk med det same tilføre til å fortelja, at han ikkje
hadde sagt noko til Jens Rud um den pipekonserten — hm.
Ein kveld kom Bent Bu; han helsa på Daniel som
«skule-kamerat» og var «gamal kjenning». Daniel hugsa ikkje
fyren, ikkje namnet dessmeir, men torde ikkje anna enn
halda gode minor; han reiv i øl og drakk skål for
«gamle dagar» og var i si verste beit. Men Bent Bu
fortalde med lått og gaman um korleis han hadde freista
livet. Svolte hadde han tidt og trått; meir enn ein
gong hadde han levt i dagevis på berre kaldt vatn;
men like kaut hadde han vore kor som var; og so
hadde han havt det godt med, sume tider. Millom
anna hadde han skrive i avisor, laga i hop skrønor og
selt dei til «Posten» for ei mark stykket, og anna slikt;
men det beste spikket han hadde gjort, det var då han
heldt strid med seg sjølv i «Bondevennen» og «Posten»
um folkehøgskulen. Skreiv fyrst eit stykke i «Posten»
under merket «Audiatur et altera pars» — ha-ha —;
skreiv so eit stykke i «Bondevennen» imot seg sjølv so

14 — Garbor»: Bondestudentar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0211.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free