- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
208

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

busti fauk, og fekk pengar både i «Posten» og i
«Bondevennen». Ja, ja! kva fanden gjorde det? Kunde det
ikkje vera det same for dei fillebladi kven som skreiv,
berre det var godt skrive? — Jau; Daniel kunde ikkje
motsegja det; han lika i grunnen denne djerve karen
som var so lite partimann. Men enden på visa var: låna
meg ein dalar.

Det vart snart so smått for Daniel, at han laut til å
låna att sjølv. «Studenterlivet» vart det då lite av
med.

Han var åt å koma i lag med Olai Juberg og hans
jamlikar, karar som hadde greide på både studenterliv
og Kristiania-romantikk; og slikt burde ein læra å kjenna,
meinte Daniel. Men pengar laut til; og kvar skulde
ein taka dei. Kapellan Hirsch hadde sett han reint på
svelteforing her inne.

Når han um månadsdagen fekk sine ti dalar, var det
berre so vidt han fekk stogga dei verste kravsmennene;
so var han snau. Han gjekk som inni ein stor ring
av gamal og ny gjeld, og ringen drog seg meir og meir
i hop, og tettare og tettare inntil . . . han såg godt at
dette ikkje lenge vilde greida seg. Og so kunde han
kvar dag venta at Jens Rud kom og baud han arbeid,
fælt åndlaust skulearbeid . . .

— Skulde han gjera seg uvyrden og béla ti! Hanna?
Ho var ikkje stygg. Ho hadde endå havt løytnantar
til friarar . . . Og so hadde ho daning; var dame. Ho
kunde spela piano. Og hadde sans for poesi; ikkje so
lite sans for poesi. Og kunde laga mat attpå. Gjorde
han det, so kunde han få pengehjelp av proprietæren;
han kom med ein gong ut av all si skuld og naud, og
kunde endeleg ein gong få leva eit par glade student-

o

ar . . .

Når han vart eldre og fekk embete, vilde han
um-venda seg og taka livet ålvorsamt; og då vilde Hanna
vera serskilt høveleg. Inga? Ja, men når han ikkje
fekk pengar, so vart han gåande her i alle sine dagar,
vart gamal student og skulemeister, og kunde ikkje
gifta seg med henne kor som var Kor visste dessutan

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0212.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free