- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
209

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han, at Inga Holm brydde seg um Daniel Sørbraut?
Det heile var noko tøv; barnedraumar, gutegrillor; når
det kom til ålvor i denne verdi, so kunde det nok ikkje
nytta å hefta seg burt med sovore.

Oftare og oftare tenkte han på dette; men med
friar-brevet vart det inkje av. Kvar gong han skulde til,
miste han hugen, I staden tok han til å spara.

Ein sur myrk vinterdag flutte han uppå Hegdehaugen
og leigde seg inn i eit kot til halv tridje dalar; sidan
bar det i veg med «middag på Dampen». Det var
hardt å gå på det no. Når han kom inn i den store
myrke matsalen, var det ei matlukt so ram og stram,
at han vart mett med same; og so var her so «folkeleg»
og fælt. Klokka vel 2 kom armodsdomen frå skulane
og universitetet strøymande; ikkje minst alle desse
små-folkssønene som studera . . . han hadde aldri fyrr visst
at dei var so stygge. Og han kjende lukt av hybelen,
av gamal tobakksrøyk og parafin, av kaffimaskinar,
hushaldsbraud, pultost; og han såg minningar av all
den vesaldom som fylgjer med, når tunge arbeidskrafter
sét seg til og les, i staden for å slita og arbeida i den
friske lufti. Sjølve maten smaka «folkeleg» her; han
måtte ha vore fælt demokratisk i den tidi då han lika
denne kosten. Ender og då såg han kjenningar som
han ikkje vilde råka, slike som Hærland eller Fram;
dei såg endå skralare ut enn fyrr, totte han. Serleg
Fram; han var lang og losliten og mager, med eit langt
lurvehår ned-yver øyro og aksler, so han såg ut som
ein kommunard; det var ikkje likt til at dei «store
ideane» kunde korkje føda eller klæda sine folk. Då hadde
dei det betre, desse gamle departementskarane og
pensjonistane som då hadde sitt brød; endå dei såg ikkje
glade ut dei heller, der dei sat og maula yver
lapskausen og sine svikne voner, trøytte og leide, gråe av
papirdumbe og kontorluft, med smale, magre, turre
andlet, med månar og fkinskaliar og grått skjegg , , .
busteper’ar, hønsehaukar med fallande fjør, —
underlege motstykke til studentane. Men her og kvar sat
menner av folket, skitne, tettbygde, stolpesterke arbeids-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0213.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free