- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
211

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han såg det so klårt! og såg det i slik ein stor,
blå-nande samanheng; det var den største tanken han hadde
havt. Og no tenkte han sjølvstendigt. —

Ein dag etter nyår kom Jens Rud og baud Daniel
arbeid. Hærland hadde vorte sjuk og måtte få ein i
staden sin ei tid; 14 dagar eller so; ein fekk vona at
det ikkje vart lenger. Daniel vilde og vona det. Han
tok imot tilbodet med ei takk som ikkje var svært
varm.

Og arbeidet gjekk som han tok det til. Gutane var
vrange og leide og skulearbeidet åndlaust; timane vilde
aldri taka ende; han kunde stella seg so eller so. Karl
Magnus, som var lærar ved same skulen, var ’n
stundom til hjelp; men kvar dag, når han trøytt rusla heim
frå skulen, svor han med seg sjølv på, at no vilde han
skriva til Hanna Stensrud. —

Han laut halda ut på skulen ein heil månad. Og so
snart han var fri og hadde fenge løni, so kom rekningane.
Rekningar i rad og flokk, og kameratar han hadde lånt
av, og Peder Monsen og Bent Bu som vilde låna . . .

Då Daniel på ei vis hadde klara alt dette ifrå seg,
kom postguten med eit brev. Daniel reiv det upp i
uvisse voner —: det var frå Jens i Larsebakken. Denne
hadde spurt, at herr Braut no skulde ha fenge ein god
skulepost; Bakke vilde då ynskja herr Braut til lukke
med denne. Elles vilde han segja at han hadde havt
ymse pengetap i den seinare tid . . . vilde vera svært
takksam . . . berre eit lite avdrag kvar månad . . .
eMoldtræl!» murra Daniel og slengde brevet.

— Det gjekk ikkje for seg, dette her. Han såg, at
han ikkje klara seg. Han kom snart so djupt i gjeld,
at han fekk gå og træla i alle sine levedagar berre med
å betala. Skulde det bli løni for alt hans lange strev,
at han skulde leva si tid som ein ufri mann, aldri bli
sjølveigar, alltid slita for andre? Kann henda nådde han
ikkje so langt som til embetseksamen dessmeir . . .

Og so at han skulde taka hjelp av kapellan Hirsch,

— denne åndsmannen, som til takk for hjelpi vilde ha
han med for ein svelteskilling på eit arbeid som Daniel

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0215.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free