- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
212

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ikkje lika! Det var ein ulidande ting å vera hjelpt fram
i verdi av andre. Det var som ein hadde selt sjeli si.
Alt det ein var og vart, det hadde ein andre å takka
fyre; og dei karane, dei kravde si takk! Ein hadde
ikkje fri rett yver seg sjølv; måtte hugsa på at Per og
Pål vilde ha glede av pengane sine; og kapellan Hirsch
vilde ha meir, han. Daniel tenkte seg harm på dette.
Han vilde ikkje gå soleis lenger; han vilde forlova seg
og vera sin eigen mann. Proprietær Stensrud sa visst
ikkje nei, når han høyrde at friaren var ein mann med
sjølvstendige meiningar, og ein mann som kunde vera
teologisk kandidat um tri år . . .

Han streva lenge, fyrr han fekk friarbrevet i stand.
Det skulde som alle slike brev vera kjærleg; men so
skulde han ikkje segja meir heller enn han kunde svara
til, når han råka kjærasten sjølv. Då han var ferdig og
hadde skrive utskrifti, vart han med ein gong modlaus.
Det var liksom so fælt, dette her. At det skulde gå
soleis med Daniel Braut hadde han ikkje drøymt um. Og
Inga Holm var nok ikkje so gløymd som han hadde
tenkt. Stakkars Inga! Enn um ho no hadde gjenge i
alle desse åri og venta på han? Han hugsa
middags-laget i klokkargarden; han såg henne i den koselege
klokkarstova, søt og ung og fordrøymd; og der var sol
inne og ute, og lauvet i hagen blakra i sumarvinden og
kviskra um forlokkande ting . . . Med makt laut han
driva burt draumane. Hadde ikkje sjølve kapellan Hirsch
gift seg til pengar? Hende ikkje slikt kvar dag? Det
var dei som gifte seg med 40 års gjentor for pengar;
og Hanna var då berre sju- åtte og tjuge . . . Og so
var han nøydd til, for fanden! Han stakk brevet i lumma
og flaug på dør; best å få det av stad fyrr tankane
snudde.

Då han kom på gata, strauk det framum han ei
ungmøy som var so dragande ven; straks etter ei til; og
endå ei . . . friske, jomfruelege, blømande av ungdom;
varme, glade, dårande, forlokkande; han sukka av
saknad; verdi var full av fagre møyar, møyar som liljor,
møyar som doggfriske nysprungne rosor; men han . . .

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0216.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free