- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
214

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

nasjonale strevet vårt i grunnen var anna enn tome
draumar, bygde på gravhaugar og gamle eventyr.

Karl Magnus gjekk og dreiv i ein gamal vid, sliten
slengfrakke og høyrde på dette; stundom stana han
framfor spegelen og greidde sitt svarte skjegg; uroleg og
underleg var han; Daniel bad Gud fri seg for å verta
gamal student. Stundom freista Karl Magnus å koma
til ords, men det nytta sjeldan; Dølen vilde tala sjølv.
Kva skulde han vel tru, spurde han, når han såg kor
lite dei norske odeisbøndene brydde seg um både målet
og landet sitt? Dei gav sjuttan i heile stasen og drog
til Amerika; det var den hjelpi me fekk av dei. Og
so sat han der, han stakkars kroken, i sitt kalde
kammers og skreiv og skreiv, og blés på fingrane so dei
ikkje skulde valna, og lo og slo seg glad til å sleppa
å gråta; og dei las og lo og hadde gaman og totte
den Dølen var ein trøysam kar; men dei vilde ikkje
hjelpa han so mykje som med lite skriving dessmeir,
so han kunde få tid til å arbeida på slikt som betre
kunde visa kva han dugde til. Og var det ein gut som
det var von i, so skulde du mest jamt sjå at han
døydde fyrr han vart mogen. Smårusket og skrapet, det
greidde seg; for det kunde liva seg under kvar tuve;
men var det eit ungtre som skaut seg upp, so vart det
brote av vér og vind og vonde dagar; og det verste
var at ein laut segja dei var sæle som fara fekk. Som
no denne HærlancTen. Det var just slik ein emneleg gut;
ein som Dølen hadde venta seg hjelp av i sitt strev . . .
no låg han der! Dølen grét. «Hærland? døyr han?*
skvatt Daniel upp. «Ja,» svara Kar! Magnus. «Han
hev gaiopperande tæring!» jamra Dalen.

Daniel reiste seg og sa godnatt. Døydde Hærland,
so laut han taka skulen . . . Han strauk ende ned til
posthuset att og la friarbrevet i kassa. — —

— Svaret kom forunderleg brått. Ho elska, hadde
elska, vilde elska; og ho hadde den visse von, at far
vilde samtykkja; no kom han snart til byen, so Daniel
kunde tala med han . , . Daniel sa fleire gonger til
seg sjølv: no hev eg vunne.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0218.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free