- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
218

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

UPPLYSN1NGAR OG MERKNADER


INNLEIDING



Garborg arbeidde lenge med emnet i «Bondestudentar»,
Det var vanleg hjå han at dikiverki hans måtte mognast
i hugen i fleire år. Skildringane byggjer på sjølvlevt og
sjølvrøyrit i stor mun, både frå heimbygdi på Jæren, frå
lærarskulen i Holt (1868—70) og frå fyrebuingi til
studenteksamen, som han tok i 1875, og studentåri etterpå.
Men han hev lagt det meste av skildringane nokre år attende
i tidi, til 1860-åri og fyrst i 1870-åri. Alt i «Aftenbladet»
1876 skreiv han um «Kristiania-Taagen» og den verknaden
han hev på studentane. I «Den nynorske Sprog- og
Na-tionalitetsbevægelse» {1877) peika han på kor
skuleupp-læringi då skapte uklår ettersnakking og kor bondestudentane
fekk vande vokstervilkår med det mål- og kulturskiftet som
dei måtte gå igjenom. Den stendige sjølvumsetjingi «virker
ubønhørlig svækkende paa den personlige Selvagtelse og
Selvfølelse, som ogsaa paa Sandhedskjærligheden og det
moralske Mod. Den fremavler ubønhørligt Feighed og et
beklageligt Hang til Løgn og Forstilleise.» (s. 199). I
«Fedraheimen» nr. 3, hausten 1877, skreiv han um
«Studentane og Haustmoroi deira* og synte kor dei etter hans
meining var åndlause og lite interesserte, endå so rik tidi
var både heime og ute i Europa. Studentane var
«Kri-stianiserte». Fieire gonger seinare kom han inn på spurs-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0222.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free