- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
219

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Upplysningar og merknader av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

målet um bondestudentane i cFedraheimen». Han tykte
han fekk so lite hjelp og studnad frå dei til bladet sitt i
arbeidet for norsk mål og kulturreising. Folk vanta mod
til å stå ved meiningane sine. Han fann og so mykje
ustødt, veikt og usætande hjå seg sjølv og andre i striden,
at han måtte freista å finna grunnen til det. Han måtte
få klårlagt korleis vilkåri var for bondestudentane og deira
åndelege og moralske vokster, og korleis dei stod i
kultur-samheldet då. Det er bakgrunnen for arbeidet hans med
dette verket.

Det var yverlag sterke brytingar og motsetningar mest
på alle umråde i landet i det 19. hundradåret. Det norske
bondesamfundet kom med i det europeiske straumdraget,
både åndeleg og økonomisk. Folkelivet på bygdene vart
rive ut or den gamle avstengde livsringen, med sin faste
nedervde tradisjon. Bonden skulde vera med i
bygdesty-ring og landsstyring. Det skulde verta folkestyre i staden
for embetsmannsstyre med leivningar frå det gamle
ein-valdsstyret. Byråkratiet hadde sine politiske og kulturelle
tradisjonar frå dansketidi, dei vart haldne ved lag ved dei
gamle latinskulane og universitetet. Byråkratiet måtte stydja
seg til kongemakti som samstundes var svensk. Difor
vart embetsmennene ofte unionsvenlege og unasjonale
politisk 6g. Den religiøse forkvnningi hadde mykje å segja
og måtte stydja autoritetane, sidan det var statsreligion
i landet.

Striden for å få gjenomført folkestyret måtte då koma
til å gå på breid front og mest på alle umråde av
kulturlivet vårt. Den gamle striden miliom riksstyret som
målsmann for byråkratiet og stortingsfleirtalet som målsmann
for nye friare politiske straumdrag med krav um
parlamentarisme kveste seg til i 1860—70 åri. Under førarskap
av Sverdrup tok det radikale vinstrepartiet til å samla seg,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0223.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free